Hopp til innhold

Vil flytte redningsskøyta - fiskarane fryktar for liv og helse

Redningsselskapet vurderer å flytte hovudbasen for redningsskøyta på Stadhavet lengre sørover. Det skaper frykt blant fiskarane på den berykta havstrekninga.

Created by InfoDispatcher

– Dette er ei nedprioritering av beredskapen, og til fare for liv og helse for alle sjøfarande, seier Jarl Magne Silden, som er leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag.

Det er tomt ved kaia i Måløy torsdag føremiddag, redningsskøyta er bortreist til Florø og denne vesle lettbåten er alt som er igjen, slik kan det bli meir av.

– Det er ikkje mykje beredskap når ikkje båten er her, seier Silden.

Vil flytte hovudbasen

Det bryggar ofte opp til storm ved Stad. Havstrekket er berykta og værutsett. Fiskarane stolar på at redningsskøyta kan hjelpe dei.

Men ofte ligg skøyta her ved kaia i Florø, og no vurderer redningsselskapet å flytte hovudbasen permanent hit ein og ein halv time unna Stadhavet.

– Personleg tykkjer eg at det bra slik som vi har det i dag, at vi kan veksle mellom dei to stadane. Det er ikkje tvil om at det sommarstid er meir oppdrag i Florø, medan det vinterstid er meir oppdrag i Måløy, seier skipper på R/S Halfdan Grieg, Geir Antonsen.

Skipperen veit at om det stormar på Stad står han fritt til å flytte seg nordover. Derfor meiner Redningsselskapet at beredskapen vil bli like god også med ein base i Florø.

Handlar om tid

– Skipperane våre vil liggje i Måløy med skøyta når det er mest hensiktsmessig å liggje der med tanke på dei tilhøva som er på Stad. Det vert gjort ei vurdering. Men vi tykkjer det er positivt at vi faktisk kan få oss ein skikkeleg base i Florø også, seier informasjonssjef i Redningsselskapet, Frode Pedersen.

Men ved Stad fryktar fiskarane at redningsskøyta vil bli oftare vekke.

– Viss det er dårleg vêr, er det oftast sydlege og vestlege vindar. Då er Måløy ein kjempeposisjon for å komme seg raskt ut på Stadhavet og vere til hjelp for dei som treng det, seier Silden.