NRK Meny
Normal

Vil flytte linje frå Florø

Elevar ved klima, energi og miljøteknikk-linja i Florø fortvilar over at utdanninga kan bli flytta til Sogndal.

Bjørnar Taraldset Florø vgs

VIL IKKJE FLYTTE: Bjørnar Taraldset og elevane på klima-, energi- og miljølinja ved Flora vidaregåande skule meiner det viktig å ha nærleik til lærebedriftene i Sunnfjord.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er blikkenslagar eg har tenkt å bli.

Ole Røys Langeland og klassekameratane går i det som kan bli siste kullet på klima-, energi- og miljølinja ved Flora vidaregåande skule. Fylkeskommunen vurderer å flytte linja til Sogndal til neste år.

Øystein Gardfors er rådgjevar på skulen. Han meiner dei har fleire lærlingplassar i Sunnfjord enn i Sogn, og at linja bør få bli.

– Konsekvensane er at vi flyttar utdanninga bort frå der bedriftene ligg. Då blir det kunstig å legge utdanninga ein annan stad, for då må dei aller fleste elevane flytte på hybel. Då ser vi at dei vegrar seg mot å søke ei slik utdanning, seier Gardfors.

Øystein Garfors

– FRYKTAR FÆRRE SØKARAR: Rådgjevar Øystein Garfors trur elevar vil vegre seg mot å byrje på linja dersom dei må flytte på hybel.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Stor kabal som må gå opp

Tysdag skal opplæringsutvalet i fylketskommunen bestemme kva linjer på elevane kan søke på til neste år. Karianne Torvanger leia utvalet, og ho fortel at klima-, energi- og miljølinja kan bli flytta til Sogndal fordi det er mange elevar i første klasse på byggfag som treng linjer å søke seg vidare på.

– Det er viktig at dei som har byrja i Sogndal har sjans til å gå vidare frå eit tilbod, seier ho.

Flora vidaregåande har ei lita avdeling for yrkesfag. Torvanger er einig i at det kan vere dumt for det faglige miljøet å miste ei av dei tre klassane dei har i dag.

– Det er litt uheldig. Er det noko vi har fokus på politisk, så er det nettopp dette med fag- og yrkesopplæring og kor viktig det er å ha eit breitt tilbod i fylket. Så vi må sjå på dette når vi skal arbeide fram gode politiske løysingar i desse sakene, seier Torvanger.

Ole Røys Langeland

BLIKKENSLAGAR: Ole Røys Langeland skal bli blikkenslagar, men er avhengig av å få ein god periode som lærling.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ho meiner det er mogleg å ha ei linje både i Florø og i Sogndal, men då er fylkeskommunen nøydde til å kutte ein annan plass i fylket.

– Vi kan ikkje lyse ut fleire tilbod enn vi har økonomiske rammer til, seier Torvanger.

Treng nærleik til bedriftene

Elevane Ole Røys Langeland og Sigurd Bjerch Hovden i Florø synest det er dumt om linja blir flytta.

– Det er jo her lærlingplassane er. Då er det mykje betre for elevane å vere utdanna her, vlik at dei kan ha eit godt samarbeid med bedriftene når dei skal søke om lærekontrakt. Det er altfor langt til Sogndal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune