No søkjer Hydro Energi departementet om å få omdisponere overskotskrafta, fortel informasjonsdirektør i Norsk Hydro, Tor Steinum.
Liten kraftmengde
Norsk Hydro har ein avtale med Statkraft om forsyning av industrikraft til Årdal. Denne kontrakten går ut i 2010. Kraftoverskotet i perioden 2007-2010 blir på 130 GWh per år. Det utgjer tre prosent av det totale forbruket ved aluminiumsverket i Årdal. Det er denne overskotskrafta Hydro no ønskjer å bruka mellom anna på Sunndalsøra og Karmøy. Informasjonsdirektøren Tor Steinum nektar på at dette kan spare Hydro for store utgifter. Det er ein liten kraftmengde, seier han.
- Skal brukast i Årdal
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, vil ikkje akseptere at Hydro brukar overskotskraft frå Årdal på metallverka på Sunndalsøra og Karmøy. Hydro har plikta seg til å bruka krafta i Årdal, hevdar ordførar Lægreid.