Damer på bygda vil bety fleire barn

SANDANE (NRK): Kvinner i distrikta lagar flest barn. Sjeføkonom vil ha damene ut av storbyane for å auke fruktbarheita her til lands.

Mariel Eikeset Koren og ektemannen Martin

VALDE LIVET PÅ BYGDA: Etter mange år i Trondheim valde Martin Eikeset Koren (35) kona Marièl Eikeset Koren (31) å flytte til heimkommunen hennar Gloppen. Dei har tre søner mellom 0 og 4 år.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er godt å vere her. Det er ein ny kvardag å vere trebarnsmor.

Marièl Eikeset Koren (31) er ei av stadig færre kvinner som får fleire enn to barn, og som får barn før 30-åra.

Statsminister Erna Solberg (H) er blant dei som uroar seg over at det no berre blir født 1,6 barn per kvinne.

– Det blir født for få barn til at den norske velferdsmodellen kan vidareførast, sa ho i nyttårstalen.

Vil ha damene på bygda

Men kvinnene i distrikta gjer slik som Erna ynskjer seg. Sjeføkonom i Eika Gruppen Jan L. Andreassen vil derfor ha fleire kvinner ut av storbyane.

– Skal vi få opp fødselstala må vi få fleire unge jenter til Distrikts-Noreg, meiner han.

Jan Ludvig Andreassen

AUKA BARNETAL: Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen er uroa over låge fødselstal.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Andreassen tek til orde for å flytte ut arbeidsplassar frå storbyane.

– Det er billegare å bu der, betre levekår for barnefamiliar, og folk som bur i distrikta ynskjer fleire barn.

Flytta heim etter utdanning

Etter nær ti år i Trondheim flytta Marièl Eikeset Koren og ektemannen Martin heim til Sandane i Nordfjord. Ho er organist, men driv i dag kafé, han er lektor.

Koren forstår uroa til statsministeren, men trebarnsmora trur familiar fryktar trong økonomi og tidsklemme med mange barn.

– Vi treng fleire hender for å ta vare på sjuke og gamle, men endå fleire barn betyr også at ein må tene meir, betale meir i barnehage, og ha stort nok hus til alle desse borna, seier Koren.

Også bygdekvinnene får færre barn

Ifylgje Statistisk sentralbyrå får nemleg også kvinnene på bygda no færre barn enn før.

– Det er mindre variasjon enn før, fruktbarheita har gått ned i heile landet, seier forskar Astri Syse.

Astri Syse SSB

UTDANNING VIKTIG: Forskar Astri Syse i SSB trur desentralisert utdanning kan få fleire kvinner til å bli i distrikta.

Syse er usikker på effekten av Andreassen sitt forslag.

– Utdanningsnivået aukar i heile Noreg. Dette gjer at også kvinner på bygda utset å få barn.

Fruktbarheit per fylke

Fylke:

2009

2017

2009 til 2017

Rogaland

2.18

1.82

-0.36

Sogn og Fjordane

2.1

1.79

-0.31

Møre og Romsdal

2.13

1.74

-0.39

Nord-Trøndelag

2.12

1.74

-0.38

Vest-Agder

2.15

1.72

-0.43

Akershus

1.99

1.68

-0.31

Hordaland

2.03

1.67

-0.36

Nordland

2.02

1.63

-0.39

Buskerud

1.91

1.62

-0.29

Aust-Agder

2.02

1.62

-0.40

Finnmark

2.14

1.62

-0.52

Østfold

2.01

1.61

-0.40

Sør-Trøndelag

1.96

1.6

-0.36

Hedmark

1.92

1.59

-0.33

Vestfold

1.84

1.58

-0.26

Oppland

1.87

1.54

-0.33

Telemark

1.79

1.53

-0.26

Troms Romsa

1.97

1.53

-0.44

Oslo

1.88

1.5

-0.38

Summen av eittårige aldersavhengige fruktbarheitsrater mellom 15 og 49 år. (Kjelde SSB)

Storbyane har låge fruktbarheitstal per kvinne fordi mange er der for utdanning, og utset fødslar. Om målet er å få kvinnene til å få barn i distrikta, trur Syse mest på eitt konkret tiltak.

– Når kvinner fyrst har flytta til ein stad er det mindre truleg at dei flyttar tilbake. Desentralisert utdanning gjer at dei kanskje ikkje flyttar vekk.

Ville ha plass og fridom

Familien Eikeset Koren er usikker på om det hadde blitt tre barn om dei hadde blitt verande i storbyen.

Mariel Eikeset Koren (31)

DRAUMEN: Snart skal Marièl Eikeset Koren og familien ta over dette småbruket. Ein liten gard er noko dei lenge har drøymt om.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Ein storfamilie som stiller barnevakt er viktig i kvardagen.

Kan det bli fleire barn enn tre?

– Vi har stort hus, og god plass, men så er det om ein har tid og råd, smiler ho.