Hopp til innhold

Mange skjer i sjøen for å flytta endestoggen frå Sogndal til Flåm

Reiselivet og kommunane i Sogn vil flytta endestoggen for ekspressbåten mellom Bergen og Sogn. Men ein pressa økonomi i fylkeskommunen, Norled og reiselivsnæringa kan skubba ruteendring langt ut i tid.

Ekspressbåten Fjordprins i Flåm

I DET BLÅ: Lite tyder på at Flåm blir endestogg for ekspressbåten frå Bergen, før tidlegast i 2017.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Å flytta endestoggen til Flåm vil gi eit løft både for vår kommunen og heile Sogn, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

I vår har reiselivet og sognekommunane arbeidd for å berga den nedleggingstruga ekspressbåtruta mellom Bergen og Sogn. Eitt redningstiltak kan vera å flytta endestoggen frå Sogndal til Flåm, for å fanga opp dei stadig fleire turistane som kjem til verdsarvområdet vinterstid.

Velvilje i Sogndal

– Reiselivsnæringa i Sogn vil gjerne utnytta det potensialet som ligg i å utvida turistsesongen, seier leiar Harald Offerdal (Ap) i Sogn regionråd, som i lag med Visit Sognefjord har leia eit arbeid for å tryggja ekspressbåtruta mellom Sogn og Bergen.

Ordførarane Olav Lunden og Harald Offerdal

VIL FLYTTA ENDESTOGG: Leiar Harald Offerdal i Sogn regionråd arbeider for å tryggja framtida til Sognebåten.

Foto: Noralv Pedersen

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), kjem ikkje til å gå på barrikadane sjølv om endestoggen skulle bli flytta frå kommunen hans:

– Viss det kan vera med på å styrkja trafikkgrunnlaget og økonomien til båten, så vil eg arbeida for å finna ei løysing som kan sikra at båten kjem til Sogn òg i framtida.

Fleire kutt i vente

Men der er mange skjer i sjøen for ei ruteendring: Norled, som skal driva ekspressbåtruta dei neste sju åra, vil få høgare utgifter sidan distansen blir lengre.

Sogn og Fjordane fylkeskommune, som betalar for båtdrifta, står allereie føre gigantiske kutt på grunn av ein sterkt pressa økonomi.

Heller ikkje den tredje parten – reiselivet – har risikokapital dei kan spytta inn.

I det blå

Bjørn Egil Søndenå, regionsjef for hurtigbåt i Norled, seier til NRK at dei er positive til endringar, men at dei vil venta på avgjerd i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Søndenå ønskjer ikkje å kommentera ytterlegare før Norled skal møta fylkeskommunen i slutten av august.

Lite tyder på at Hovudutvalet for samferdsle vil få ei sak på bordet denne hausten. Utfallet er difor framleis i det blå, seier utvalsleiar Arnstein Menes (Sp):

– Turistane er ei stor og viktig passasjergruppe, men like avgjerande er dei faste reisande, så her er det fleire omsyn å ta.

Noralv Distad

OPEN FOR SPLEISELAG: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland meiner ekspressbåten kan tena både turistane og pendlarane i kommunen hans.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Spleiselag

Medan verken fylkeskommunen, Norled eller reiselivet kan ta økonomisk risiko, har kraftkommunen Aurland pengar. Dei betalar i dag over to millionar kroner for ei pendlarrute til Sogndal.

Viss ekspressbåten i framtida går frå Flåm, med ein stopp på Slinde og busstransport vidare til Sogndal, vil ikkje ordførar Distad utelukka at Aurland kan vera med på eit spleiselag:

– Me må vera opne for ei løysing som både kan tena skulebåtfunksjonen og styrkja passasjergrunnlaget.