Hopp til innhold

Vil fjerne tankbilvogna i morgon

Tilhengjarvogna med 16 500 liter bensin som losna og small i fjellveggen og førte til eksplosjon og brann i Skatestraumtunnelen skal bli fjerna i morgon.

Hentar ut vraket

HENTAR UT VRAKET: I morgon skal vraket ettter tankvogna (innfelt) som eksploderte i Skatestraumtunnelen bli henta ut.

Foto: Flora Brannvesen/Politiet / Montasje

Planen var å ta ut tankbilvogna i kveld, dersom gassnivåa i den undersjøiske Skatestraumtunnelen tillot det. Men på grunn av tekniske problem med ferja på strekninga Måløy-Oldeide, har det blitt utsett til i morgon.

– No er røykdykkarar frå Bremanger brannvesen inne i tunnelen for å sjekke nivået på farlege gassar, sa politioverbetjent ved Florø politistasjon, Synnøve Domben, til NRK tidlegare i dag.

Må måle gassnivået

Synnøve Domben

HAR SENDT INN RØYKDYKKARAR: Politioverbetjent ved Florø politistasjon, Synnøve Domben, fortel at røykdykkarar er inne i Skatestraumtunnelen for å måle nivået på farlege gassar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Årsaka til at ein må måle gassnivået er ifølgje Domben at det er lettare å få fjerna vraket utan at ein må gå i fullt verneutstyr.

– Dersom dei nivåa er akseptable, vil vi starte arbeidet med å fjerne vogna, og reknar med vi skal kunne vere ferdig i kveld, sa Domben før planane vart endra.

Politiet har også venta på ei tilbakemelding frå Statens havarikommisjon for transport om opptak og bevis som har blitt sikra er tilstrekkelege.

Utvida forundersøking

– Det er lite som står att i etterforskinga til politiet, men det er andre aktørar som må sikre seg sitt, seier Domben.

Dersom tilhengaren blir teken ut i kveld skal havarikommisjonen sjå nærare på den i morgon. Statens havarikommisjon for transport har no vedteke å ta ei utvida forundersøking av hendinga i Skatestraumtunnelen.