Hopp til innhold

Vil fjerne speleautomatane

Kommunepolitikarane i Bremanger vil forby alle speleautomatane i kommunen.

Politikarane ber no rådmannen greie ut om dei har høve til å legge ned eit forbod, skriv Firdaposten.

Dersom ein ikkje har høve til å forby automatane vil dei gå ut med ei sterk oppmoding til næringslivet om å kaste ut dei seks automatane i Bremanger.

- Mange får problem

Gruppeleiar for Arbeiderpartiet, Espen Gulliksen, seier det er naturleg å vurdere eit forbod sidan ein veit at mange får store økonomiske problem som følgje av automatane.