Hopp til innhold

Vil fjerne rådmann, helsesøster og jordmor

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil avskaffe alle kjønnstitlar.

Ida Søgnen

SAMRØYSTES: Forslaget til Ida Søgnen og Førde AUF blei samrøystes vedteke under fylkesårsmøtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Eit samrøystes fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap gjekk inn for å avskaffe og forby alle kjønnstitlar.

Forslaget blei fronta av Ida Søgnen som er leiar i Førde AUF.

– Det er bra at fylkesårsmøtet gjekk inn for dette. Vi meiner det er heilt feil med titlar som jordmor og rådmann når både kvinner og menn har desse jobbane. Dette er ein del av likestillingskampen vi må kjempe i dag.

Ho meiner at om titlar er knytt opp mot kjønn, så påverkar det haldningane.

– Alle tenkjer at jordmor er kvinner. Dette kan gjere det vanskeleg for ein gut som har lyst å bli til dømes jordmor.

Likestilt, men kjønnsdelt

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap

STØTTA FORSLAGET: Det blei samrøystes vedteke under fylkesårsmøtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei om lag 150 frammøtte som var samla til fylkesårsmøtet i Førde var samde i dette.

I forslaget som blei vedteke, står det at det må bli innført kjønnsnøytrale titlar i alle kommunar, fylkeskommunar og staten, samt offentlege organ og offentleg eigde bedrifter. Vidare meiner Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane at det blir lovfesta at alle yrkestitlar skal vere kjønnsnøytrale.

– Norge er kanskje eit av verdas mest likestilte land mellom kvinner og menn, men vi har framleis eit av verdas mest kjønnsdelte arbeidsmarknadar, står det vidare.

Siri Sandvik smiler

POSITIV: Kvinnepolitisk leiar Siri Sandvik er glad for at AUF løfte saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kvinnepolitisk leiar Siri Sandvik i Sogn og Fjordane Ap, seier ho er glad for at AUF løfta fram denne saka.

– Dette viser at vi er klare til å ta den formelle likestillinga eit steg vidare.

– Har de noko å seie kva titlar vi brukar?

– Ein kan tenkje at det er innhald og person som betyr noko, men det er noko med signala vi sender ut.

Håper å få forslaget gjennom nasjonalt

Ho har ingen konkrete forslag til alternative titlar, men meiner det må gå an å finne noko som er kjønnsnøytralt.

No blir neste steg å jobbe med å få dette til å bli nasjonal politikk.

– Vi har døme på saker som Sogn og Fjordane har løfta opp og fått gjennomslag for i Arbeidarpartiet sentralt. På eit eller anna tidspunkt kjem vi i regjering att, og då kan dette fort bli landspolitikk.

Også Ida Søgnen i AUF er optimist.

– Vi skal arbeide for å få dette gjennom nasjonalt. No tek vi tek kampen og ser kor langt vi kjem, seier ho.

I Sogn og Fjordane er det Anne Karin Hamre som er Fylkesmann. Ho meiner har aldri følt at det har vore noko problem å ha tittelen Fylkesmann.

Eg er einig i prinsippet om at ein så langt som mogeleg bør ha kjønnsnøytrale titlar, men til no har det ikkje kome gode forslag til kva min tittel skulle heite. Og blant landets fylkesmenn er det god kjønnsbalanse, seier Hamre.

Anne karin Hamre

TRENG GODE FORSLAG: Anne Karin Hamre er Fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho seier det har vore snakk om å gjera yrkestittelen hennar kjønnsnøytral, men at det til no ikkje har kome gode forslag.

Foto: Noralv Pedersen/NRK