NRK Meny
Normal

Vil finne ut om massekollisjonen kunne vore unngått

Havarikommisjonen for Transport vil finne ut om massekollisjonen på E16 kunne vore unngått.

Ulukke i Lærdal

MASSEKOLLISJON: Dei fire vogntoga og varebilen køyrde alle i same retning då ulukka skjedde.

Foto: | / NRK

Det var natt til 6. april at fire vogntog og ein varebil kolliderte i Lærdalsdaeln. Ei strekkje på kring ein kilometer var dekt av is og hadde merkbart lågare friksjon.

Statens vegvesen meiner eit lokalt vêrfenomen kan vere årsak til ulukka.

– Både vegforhold, meteorologi, driftskontrakt og utførte tiltak vil i denne samanheng bli undersøkt, skriv havarikommisjonen på nettsidene sine.

Det var porten.no som først melde om saka.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

AVDELINGSDIREKTØR: Rolf Mellum i Havarikommisjonen for Transport seier dei sjå om massekollisjonen på E16 kunne vore unngått.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Som NRK tidlegare har omtala, vil kommisjonen også sjåast i samanheng med tidlegare liknande hendingar, som massekollisjonen på E39 ved Åsane utanfor Bergen .

Vegen vart salta på ettermiddagen før ulukka, utan at dette hadde venta effekt. Ingen av førarane oppfatta vegen som glatt.

Då det første vogntoget saksa og sperra vegen, klarte ingen av dei andre å stogge . Det er eit viktig moment for havarikommisjonen.

– Det gjekk heldigvis ingen liv tapt, men det er litt tilfeldig tenkjer vi. Difor ønskjer vi å finne ut kvifor dette skjedde og om noko kunne ha vore gjort for at ulukka kunne vore unngått, seier Rolf Mellum, avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon for transport, Rolf Mellum, til porten.no.

Vegopning på Bergum i Førde kommune