I dag har dei sine lokale i kjøpesenteret Sogningen Storsenter. Men etter å ha sett på forholda, vedgår Rygg Pedersen at dette ikkje er godt nok.
- Vi har sjølv sett at dette er eit dårleg eigna lokale for ein tingrett. Dette vil eg ta med meg tilbake, og det er ei sak vi vil jobbe vidare med, seier ho.
- Uverdig
Det var før helga at leiaren i Sogndal Arbeiderparti, Astrid Marie Nistad, gjekk ut og sa at å ha tingrettslokale i eit kjøpesenter er uverdig.
- Bør kunne løysast raskt
Fredag var statsekretæren på besøk og såg på forholda. Og justisdepartemnet vil ta tak i problemet, dersom det ikkje blir for store kostnader.
- Dei meiner at dei skal klare å finne nye lokale utan at det vert for kostbart. Og får vi til ei slik løysing, så bør dette kunne løysast ganske raskt, seier ho.