Hopp til innhold

Vil fargeleggje Måløy med gatekunst

Måløy (NRK): Heimflyttaren Tone Holvik-Eriksen har store ambisjonar for heimbyen sin Måløy: ho vil gjere det til ein fargerik og interessant plass å bu.

tone Holvik-Eriksen og Kristin Maurstad

NØGDE

Foto: kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg vil at det skal vere så mykje gatekunst her at folk berre veit at det er kult å bu i Måløy, seier Tone Holvik-Eriksen.

Det er ambisjonen hennar for den vesle kystbyen, og ho har tenkt å gjere sitt for å få det til. Med tida håpar ho at kunstnarar frå heile verda kan hjelpe ho med å fargeleggje byen.

Interessa for gatekunst fekk ho då ho budde i eit kollektiv i Oslo. Ho ser ingen grunn til at ikkje Måløy kan bli ein stad for kunst.

– Eg veit kva det gjer med eit menneskesinn å gå rundt i ein by som er full av gatekunst, i staden for ein by som er grå, seier kunstentusiasten.

Gullfiskeren i Måløy

GULLFSIAKR

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Siklar etter Måløybrua

Leilegheita til Holvik-Eriksen er full av meir enn 30 kunstverk. Allereie har ho sett sitt spor på fleire av bygningane i byen, og ho har ikkje tenkt til å stoppe.

– Aller helst siklar eg etter søylene på Måløybrua, seier ho frå balkongen sin med utsikt over hamna i Måløy.

Det mest kjente kunstverket ho har fått opp er kanskje det ho kallar "gullfiskeren". 16 meter høg, og 13 meter brei. Eit bilete av det som kunne vere ein tradisjonell fiskar frå Måløy med pipe og sydvest, men også med gullkjede rundt halsen.

Måløybrua mot Sæternes i Måløy
Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er sjølve sjela til Måløy. Det kunne ha vore bestefaren til alle vi som er herifrå.

Men måløyværingen vil meir, og har fått med seg den bergensbaserte gatekunstnaren M. U. M som nett har gjort ferdig sitt kunstverk midt i hovudgata i Måløy.

– Temaet for kunstverket er livet i havet. Og kunsten min er inspirert av fantasien, seier han.

Og sjølvaste ordføraren var med då verket vart avduka.

– Eg trur det betyr noko for Måløy sjela, faktisk. Å få noko slikt til byen, seier ordførar Kristin Maurstad.