Hopp til innhold

Vil få ungdom opp frå stolane

Ein tysk stjerneregissør skal få over 300 ungdom i fylket opp av stolane og ut på scena dei neste vekene.

UNG 2016

SPENT GJENG: Regissør Nadja Raszewski framfor niandeklassingane frå Førde Ungdomsskule før premiera på prosjektet Ung 2016.

Foto: Martha Våge / NRK

Over seksti niandeklassingar spring rundt på scena i Førdehuset og viftar med armar og bein.

– Ungdom sit so mykje i ro, vi må få dei i rørsle, seier Nadja Raszewski. Ho er teaterpedagog og regissør i Berlin, og er no i Noreg for å jobbe med ungdomsskuleelevar i Sogn og Fjordane.

Denne veka har over hundre niandeklassingar frå Førde Ungdomsskule arbeidd med prosjektet «Ung 2016» i lag med Raszewski og hennar assistentar, fram mot premiere i Førdehuset laurdag.

Planla prosjektet før ho fekk jobben

Teatersjef i SoFt, Bodil Kvamme, har sett fram mot å få regissøren på besøk.

– Eg møtte Nadja for første gong i 1987, då leigde eg ei leilegheit i huset til mor hennar i Berlin. Sidan har vi halde kontakta, fortel Kvamme.

Kvamme har vore teatersjef i ein knapp månad, men planla prosjektet lenge før det.

– Vi har lenge hatt lyst til å gjere prosjektet i Noreg, so då eg fekk jobben ringde eg rett til Nadja og sa at no gjer vi det, ler Kvamme.

Kvamme og Raszewski

GAMLE VENER: Teatersjef Bodil Kvamme og regissør Nadja Raszewski har kjent kvarandre i snart tretti år. Først no jobbar dei i lag, med prosjektet Ung 2016.

Foto: Martha Våge / NRK

– Dette er mitt største hjartebarn, og eg er glad for at skulane har satsa på prosjektet, fortset Kvamme.

Prosjektet skulle i utgangspunktet få ungdom med på å lage ei sceneframsyning der rørsle står i fokus. Førde ungdomsskule utvida prosjektet til å involvere alle 160 niandeklassingane, for at alle skulle få vere med.

I tillegg til dei som står på scena har ei gruppe elevar laga mat som publikum skal få før og etter framsyninga. Andre elevar har laga utstilling med bilete inspirert av temaet for prosjektet; eld, luft, jord og vatn.

– Det er so kjekt at Førde Ungdomsskule har utvida prosjektet. Publikum kjem til å få ei god totaloppleving, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Inspirerande ungdom

– Eg vil lære dei at når ein rører på kroppen på måtar den ikkje er vant til, utviklar ein også måten ein tenkjer på, seier Raszewski.

Nadja Raszewski

INSPIRERT: Den tyske regissøren Nadja Raszewski, vert inspirert av å jobbe med norske ungdomar.

Foto: Martha Våge / NRK

Regissøren er imponert over det gode samspelet mellom ungdomane ho har arbeidd med, og seier det har mykje å bety for prosjektet.

– Ofte står jentene og gutane på kvar si side og ser på kvarandre, men her er alle like sterke og aktive og det har inspirert meg veldig, fortel Raszewski.

Dei neste seks vekene skal prosjektet vidare til Øvre Årdal, Hornindal, Lærdal, Sogndal og Sandane, og teatersjef Bodil Kvamme er spent.

– Eg håper folk kjem og ser kva ungdomen lagar. Dei legg ei heil veke med intensivt arbeid i framsyninga, og det fortener stor oppslutning, avsluttar Kvamme.

Sjå bilete frå framsyninga i Førdehuset her:

Vatn, Ung 2016
Foto: Martha Våge / NRK