Hopp til innhold

Vil få oss til å spørje legen meir

Ein nasjonal kampanje skal få oss til å spørje legen om alt vi måtte lure på. Mange av oss kvir seg nemleg for å stille det eine spørsmålet hjå legen.

Legeangst

Kampanjen «Berre spør» hadde stand på sentralsjukehuset i dag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ifølge ein dansk undersøking er 1 av 4 pasientar redde for å spørje legen om alt dei måtte sitje inne med.

I staden for å stille det eine spørsmålet går mange heim og googlar seg til eit svar. Det kan gjere pasienten meir uroleg for kva som skjer, meiner prosjektleiar Kari Holvik Furevik for kampanjen «Berre spør» i Sogn og Fjordane.

– Ofte så trur folk at helsepersonell er travle og ikkje bryr seg med enkle spørsmål. Men spør legen før du går ut igjen, det er kjempeviktig, seier Holvik Furevik.

Nasjonal kampanje

Den nasjonale kampanjen skal få fleire til å spørje.

– Eg trur mange har ein misforstått respekt for legane, at pasientar og brukarar ofte føler at dei veit lite og legane mykje, og så våger dei ikkje å spørje, seier Gerd Bjørkedal, som leiar brukarutvalet i Sogn og Fjordane.

Den nasjonale kampanjen hadde stand på sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane tysdag og møtte mange folk.

– Viss eg føler det er ein bagatell eg går med kan det hende eg er redd for å spørje litt, seier Siri Johanne Moe Henjum.

– Har du tinga time hjå legen kan du ikkje bruke meir enn den tida du har, så då må du prioritere kva du vil spørje om, meiner Magnvard Råheim.

Tidspress

– Det er klart vi også har tidspress. Vi har minuttar sett av til kvar pasient. Men nokre gonger kjenner vi at vi burde prate ein halvtime. Men den tida har vi ikkje, seier avdelingsoverlege Svenning I. Lidam i Helse Førde.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen her:

Ein av fire spør ikkje legen om det dei lurer på, fordi dei er redde for å vere til bry. Det viser ei dansk undersøking. Ein stor kampanje blir no sett i gang for å bøta på problemet.

TV-reportasjen frå Vestlandsrevyen.