Regjeringa vil ikkje kutte avgifta for brus og saft

Regjeringa vil kutte i avgifta på sjokolade og sukkervarer, men ikkje på brus og saft. Drikkevarebransjen er skuffa og opprørt.

Trine Lerum Hjellhaug

SKUFFA: Avgifta på brus og mineralvatn kostar Lerum 16 millionar meir i året. Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug er svært skuffa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er svært, svært skuffa over regjeringa. Eg hadde trudd at dei ville sjå på heile avgifta, og ikkje berre på den eine delen. Dette er ikkje ei hyggeleg melding å få i dag, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Etter det NRK erfarer vil regjeringa no setje ned eit utval for å sjå på resten av sukkeravgifta.

Før nyttår auka regjeringa avgifta på sjokolade og sukkervarer med 83 prosent, og brus og mineralvatn med 42,3 prosent. Det har vekt store reaksjonar frå næringslivet, og sukkeravgifta har fått kritikk for å oppmuntre til grensehandel.

– Eit hån mot oss

Bryggeri- og drikkevareforeininga (BROD) reagerer sterkt på at regjeringa vil vidareføre den kraftige auka i brusavgifta.

Petter Nome

EIT HÅN: Petter Nome i bryggeri og drikkevareforeininga.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

– Å fortsetje brusavgifta er bevisstlaus næringspolitikk og eit hån mot den bransjen i Noreg som har gjort mest for å redusere sukkerforbruket i befolkninga, seier direktør i BROD, Petter Nome i ei pressemelding.

Nome meiner svenskehandelen av brus har auka med nær 30 prosent på grunn av avgifta.

– Svenskane er vinnarane, men i Noreg er det berre taparar: bedriftene, arbeidstakarane og staten. Brusavgifta er gambling med folkehelsa. Hamstringshandel i Sverige førar til at folk får i seg meir sukker enn dei elles ville fått, seier han.

Svært skuffa

Då sukkeravgifta auka, fekk Lerum ein sur start på det nye året. Det kostar konsernet som produserer saft, syltetøy og jus 16 millionar meir i året.

I Lerum-fabrikken på Kaupanger hadde dei håpt at regjeringa ville ta bekymringane deira på alvor, og ikkje la avgifta på brus og saft stå.

– Dette er langt ifrå kva vi hadde håpa på. Vi har jobba opp mot myndigheitene for å få fram konsekvensane av å auke avgifta. At dei ikkje tek innover seg problemstillinga er frykteleg skuffande, seier driftsdirektør på Kaupanger, Jan Audun Larsen.

– No blir produkta våre så dyre at vi fryktar at alternative drikkevarer kan bli valt i staden. Viss ein drar det litt lenger, betyr det arbeidsplassar, seier Larsen.

Daglig leder Oskar Sylte, Oskar Dag Sylte jr.

IKKJE LETT: Dagleg leiar, Oskar Dag Sylte Jr., meiner sukkeravgifta gjer det vanskeleg for Oskar Sylte mineralvannfabrikk.

Foto: Marie Myklebostad / NRK

– Eit stort problem

Hos Oskar Sylte mineralvannfabrikk i Molde er dei fortvila. Dei syntest det er nyttelaust å snakke med politikarane.

– Dei kallar det sukkeravgift, men så tek dei berre den eine biten og ikkje den andre. Vi forstår ikkje logikken i det, og det er eit problem å forklare for dei tilsette kva politikarane eigentleg held på med. Dei høyrer ikkje etter, seier dagleg leiar Oskar Dag Sylte Jr.

Det er ikkje enkelt å konkurrere mot grensehandelen, der folk kjøper 10–20 brett med brus om gongen.

– Det er umogleg å konkurrere når ein får kjøpt brus for ein tredjedel av prisen. For oss er dette eit stort problem. Det går utover norske arbeidsplassar, og det blir ikkje lett for oss å halde på vidare, seier Sylte.

Nidar glade, men jublar ikkje

Når regjeringa no vil kutte avgifta på sukkervarer betyr det om lag 16 kroner per kilo for sjokoladeprodusenten Nidar. På fabrikken i Trondheim er dei glade for endringa, men hoppar ikkje i taket av den grunn.

– Vi syntest det er positivt at regjeringa har tatt signala om at avgifta var feil på alvor. Det er eit godt skritt i riktig retning, men vi er framleis på jakt etter å fjerne heile avgifta, fordi vi meiner den er konkurransevridande, seier vareforsyningssjef på Nidar, Paul Kregnes.

Auka i sukkeravgift gav dei opp mot 500 millionar ekstra i utgifter i 2018.

– Det har påverka Nidar til å setje prisane høgare i butikkane, og dermed har det blitt meir import av godteri frå Sverige. Dette var så urimeleg når det vart innført, så når ein no ryddar opp i noko som er dumt, så er det heilt greitt – men la oss gå vidare og gjere noko med resten, seier Kregnes.

Faren avblåst for Hval sjokolade

– Dette er vi kjempeglade for. No er faren for 2019 avblåst, seier fabrikksjef ved Hval sjokolade, Rolf Rune Forsberg, om regjeringas kutt i sjokoladeavgifta.

Forsberg har vore svært tydeleg på at avgifta er feil, og han meiner framleis det må gjerast noko med den.

– Det så ordentleg stygt ut. Det er snakk om masse pengar, og det var ikkje til å tru at det var mogleg. No kan vi sjå lyst på framtida.

Rolf Rune Forsberg, fabrikksjef Hval sjokolade

GLAD: Rolf Rune Forsberg, fabrikksjef Hval sjokolade, kan no få tilbake dei seks han måtte permittere etter at sjokoladeavgifta vart innført.

Foto: John-Andre Samunelsen / NRK

– Ingen logikk i sukkerspagaten

Finanspolitisk talsmann i Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik, meiner avgifta på brus er minst like skadeleg for norske arbeidsplassar og forbrukarar som avgifta på sjokolade.

SPs finanspolitiske talsmann Sigbjørn Gjelsvik

FOR DUMT: Finanspolitisk talsmann i Sp, Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg fryktar no særleg for tradisjonelle bedrifter som Oskar Sylte, Lerum, Berentsen og Roma. Det er skuffande, men ikkje overraskande, at regjeringa nok ein gong viser at den ikkje lyttar til norske småbedrifter og folk flest, seier han.

Han ser ingen logikk bak regjeringas sukkerspagat.

– Det er rett og slett for dumt. Eg skjønar at ein blir provosert over at regjeringa faktisk aukar sukkeravgifta på brus gjennom å prisjustere endå ein gong. Det blir som å strø salt i såret, seier Gjelsvik.