NRK Meny
Normal

Vil endre kursen på framtidas reiseliv

Framtidas turist bør vere kortreist, reise saktare og gjere sjølve reisinga til ei oppleving i seg sjølv, meiner forskarar ved Vestlandsforskning.

Nigardsbreen 2016

OPPLEVINGSTURISME: Opplevingsbasert reiseliv er i vinden. I framtida må vi reise saktare med til dømes buss, tog eller sykkel om vi skal klare å kutte i klimautsleppa i reiselivet, meiner Forskar Eivind Brendehaug.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Reisa frå heimstaden til destinasjonen er det viktigaste kjelda i reiselivet til utslepp av co₂, som bidreg til klimaendringane. Difor må vi ta det med i debatten om berekraftig reiseliv, seier Eivind Brendehaug ved Vestlandsforskning.

I 2017 markerer FN året for berekraftig turisme.

Det er anledninga både politikarar, reiselivet og forskarar treng for å få sjølve reisa med i utsleppsrekneskapen, seier Brendehaug.

– Det er eit internasjonalt problem. Det er ein blind flekk i reiselivsforskinga og det politiske arbeidet, at ein ser vekk ifrå reisa frå heimplass til destinasjon.

Politikarane må lage rammene

Nær fem millionar turistar besøker Norge kvart år, og på Vestlandet er turisme ein av hjørnesteinane i næringslivet.

Politikarane må legge til rette for meir klimavennlig reising, meiner Brendehaug.

– Det er fokus på meir miljøvennleg transport i kvardagslivets reiser. Men i turistreisene er berekraftfokuset vekke, og det må ein få inn.

Eivind Brendehau, Vestlandsforsking

FORSKAR: Eivind Brendehaug forskar på reiseliv og reiseliv i samband med natur og friluftsliv. Han og kollega Carlo Aall skriv i ein kronikk på forskning.no at det er på tide at sjølve reisa også blir ein del av berekraftsdebatten i reiselivet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Først og fremst må avgiftene på drivstoff til fly og internasjonal transport opp, meiner forskaren. Det er fordi klimakostnadane ikkje er inkludert i prisen på drivstoff.

– Det er ein stad å byrje. Det bør i alle fall komme på dagsorden, og sidan det er FN sitt år for berekraftig turisme er det aktuelt no.

Preikestolen ved Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland.

POPULÆRT: Preikestolen i Lysefjorden er ein av destinasjonane turistane som kjem til Noreg ynskjer å oppleve.

Foto: Paul Kleiven, Paul Kleiven / NTB scanpix

Berekraftig innovasjon

Innovasjon Norge har ansvaret for å promotere landet som reisemål for turistar.

– Vi ser at Innovasjon Norge i sine berekraftsmål fokuserer mest på transport på destinasjonen, altså korleis dei beveger seg om dei reiser i Lærdal, i Stryn eller andre plassar. Men dei ser ikkje på reise frå heimstaden til destinasjonen. Og det er ein så viktig miljøbelastning frå turismen at det må ein også ta omsyn til, seier Brendehaug.

I Noreg har vi opplevd ei stor auke i turismen, blant anna frå Asia, fortel Ingunn Sørnes som jobbar med berekraftig reiseliv i Innovasjon Norge.

– Det skjer uavhengig av korleis vi marknadsfører oss. Eg trur ikkje vi kan slå strek over flyborne turistar til Norge. Då slår vi også strek over ei heil næring. Det er ei distriktsnæring som skapar arbeidsplassar, seier Sørnes.

Trur på teknologi

Sidan Norge ligg langt vekke frå mange land, vil ikkje folk slutte å fly hit, trur Sørnes. Ho trur ikkje reiselivsnæringa i Norge kan leve berre på innanlandsturistar.

– Vi må heller vere budd på å sjå på teknologien, og få gjester til å bli lengre når dei først kjem hit, meiner ho.

Eivind Brendehaug på den andre sida, trur ikkje vi kan lene oss til teknologi.

– Effektiviseringa av betre teknologi blir spist opp av at vi reiser oftare og lengre. Då går adferden til dei reisande i feil retning, seier han.

Ingunn Sørnes, Innovasjon Norge

INNOVASJON NORGE: Ingunn Sørnes jobbar med å utvikle eit meir berekraftig reiseliv i Norge.

Foto: Astrid Waller / Innovasjon Norge