NRK Meny
Normal

Ni kvinner ber tittelen «fylkesmann»

– Tittelen fylkesmann viser at vi framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad her til lands.

Anne Karin Hamre

BLIR FYLKESMANN: Torsdag tek Anne Karin Hamre til som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho kunne gjerne tenke seg å bli kalla «fylkeskvinne».

Foto: Anne Gro Fredheim

Det meiner Likestillings- og diskrimineringsombodet og språkforskar Sylfest Lomheim.

– Dette er gammaldags, meiner den tidlegare direktøren i Norsk språkråd.

  • Kva meiner du - er det på tide å endre tittelen, eller er det ikkje naudsynt å bruke krefter på slikt? Ta debatten i kommentarfeltet nedst i saka.

Ni kvinner er fylkesmenn

Sylfest Lomheim

KLAR TALE: Fylkesmann er ein utdatert tittel som bør få eit godt avløysarord, meiner språkprofessor Sylvfest Lomheim.

Foto: NRK

Administrasjonsminister Rigmor Aasrud var raus med godorda etter at regjeringa i Kongen i statsråd sist fredag utnemnte fire nye Fylkesmenn.

To av dei er kvinner, Valgerd Svarstad Haugland i Oslo og Akershus og Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Dermed er det ni kvinner og ni menn som har tittelen fylkesmann.

Men trass i at halvparten av landets fylkesmenn no er kvinner, held regjeringa framleis fast på den gamle tittelen.

Vil ha nytt namn

– Eg tenkjer kort og godt at dette er ikkje godt nok. I våre dagar, når det er såpass mange kvinner som har dette embetet, så burde departementet ta den runden på alvor og prøve å finne eit godt avløysarord, seier Sylfest Lomheim.

Likestillings- og diskrimineringsombodet går endå lenger enn den tidlegare språkråd-direktøren.

Avdelingsleiar Bjørg Unstad meiner ordet fylkesmann vert eitt symbol på at vi framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad her til lands.

– Reflekterer ikkje samtida

– Det viser at vi har hatt og framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad i Norge. Det kan jo tenkast at det også signaliserer noko med preferansar i høve til det eine kjønnet framfor det andre. Men eg trur at når det gjeld titlar som fylkesmann og rådmann så er det berre gammaldags og ikkje reflekterer den røyndomen vi lever i no, seier Unstad.

Bjørg Unstad

VIL HA ENDRING: Fylkesmannstittelen viser at vi framleis har ein kjønsdelt arbeidsmarknad, meiner Bjørg Unstad hos Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Foto: Barne- og likestillingsombudet

Ombodet viser til at arbeidsmarknaden har utvikla seg sidan ein tok i bruk yrkestitlar av typen fylkesmann og rådmann, og meiner det er på høg tid å endre namna.

Vil halde på insitusjonsnamnet

Torsdag 16. juni tek Anne Karin Hamre fatt på sin første arbeidsdag som Fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er i tvil om namnet på sjølve fylkesmannsinstitusjonen bør endrast, men er sjølv ikkje heilt komfortabel med å verte kalla for fylkesmann.

– Eg er einig i at denne tittelen er noko forelda. Eg tenkjer at vi må skilje mellom institusjonen fylkesmann og personen som er leiar. Eg meiner at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som institusjon er så innarbeidd, at det trur eg ikkje det er så fornuftig å endre på.

...men kallar seg gjerne «fylkeskvinne»

Tittelen til leiaren av embetet, tek den påtroppande fylkesmannen derimot gjerne ein diskusjon om.

– Eg tykkjer det er heilt greitt at Lomheim og likestillingsombodet engasjerer seg for å sjå på kjønnsspesifikke titlar. For eg har fått ein del innspel eg og, på at det er litt merkeleg at eg skal ha ein tittel med mann i namnet, seier Hamre.

Ho opnar sjølv opp for å kalle seg for «fylkeskvinne» i staden for fylkesmann.

– Det er jo allereie nokre som er begynt med det, så kvifor ikkje.

: – Må finne seg i å bli kalla fylkesmann

Men administrasjonsminister Rigmor Aasrud set foten bestemt ned og meiner Hamre må finne seg i å bli kalla for fylkesmann.

– Ho er ikkje den første kvinna som har denne tittelen og denne arbeidsoppgåva. Inntil vi eventuelt blir samde om ei meir kjønnsnøytral nemning, så må ho nok leve med det, seier Aasrud til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rigmor Aasrud

- HAR VIKTIGARE SAKER: Fornings-, administrasjon-, og kyrkjeminister Rigmor Aasrud ser ikkje fylkesmannstittelen som ei prioritert oppgåve.

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Burde ikkje regjeringa sjå symbolverdien i dette og vere meir offensive og finne eit nytt namn?

– Da må vi gjere det for mange yrkesgrupper. Lensmann er ei av desse. Det vil vere ein del andre titlar ein må gjere dette med. Eg er veldig oppteken av likestilling og oppteken av at vi skal få fleire kvinner inn i viktige posisjonar, men eg må nok seie at det er andre område eg vil leggje meir arbeid i, enn å jobbe med titlar, fastslår statsråden.

Ho set likevel døra på gløtt for ein diskusjon rundt dei gamle mannlege titlane.

– Kjem nokon med gode forslag som ein kan sameinast om, så kan vi jo høyre på dei forslaga som eventuelt måtte komme.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.