NRK Meny
Normal

Vil du vinne gratis førarkort?

Ein gut og ei jente i alderen 17 til 20 år vil få dekka 20.000 kroner av førarkortet av NAF. – Målet er auka trafikktryggleik, seier styreleiar Bente Liabø Thorsen.

NAF

VIL NÅ UNGDOMEN: NAF Sogn og Fjordane startar førarkortkonkurransen, og 9. mai kan to vinnarar juble for 20.000 kroner til hjelp mot førarkortet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Førarkortet kan vere ein dyr affære for mange unge, og ikkje minst foreldre. I dag starta NAF Sogn og Fjordane Førarkortkonkurransen 2015 på Facebook. Ungdom frå 17–20 som går heile vegen i konkurransen kan gjere vegen mot «lappen» nesten gratis både for seg sjølve og foreldra.

– Vi har ikkje hatt noko som har treft unge i denne aldersgruppa. Spørsmål er korleis vi skal greie å ha aktivitetar som fengjer og som gir auka fokus på trafikktryggleik, seier styreleiar i NAF, Bente Liabø Thorsen.

NAF

TRAFIKKTRYGGLEIK: Tryggleik i trafikken er målet, seier styreleiar Bente Liabø Thorsen og avtroppande styreleiar Atle Lerpold.

Foto: Alf Vidar Snæland

Dei som deltek i konkurransen må ha planar om å ta førarkortet innan utgangen av 2015.

– Vi ønskjer å gjere ungdomen meir medvitne på trafikktryggleik og trafikkåtferd. Eit anna fokus blir sjølve bilen, og at den er i skikkeleg stand, seier styreleiaren.

Vil spreie riktige haldningar

Ifølgje Statens vegvesen er fart og førarfeil hovudårsakene til dødsulukkene på norske vegar, og unge under 25 år er overrepresentert.

– Ein ung sjåfør har gjerne ikkje dømmekraft til å bedømme farten og trafikken. Ulukker skjer med vaksne og erfarne sjåførar også, men tryggleik i trafikken kjem frå øving, øving og øving. I Sogn og Fjordane er vegstandarden også ein faktor, seier Liabø Thorsen.

– Men uansett vegstandard må ein vel tilpasse køyreåtferda?

– Heilt klart, og ungdom blir påverka av kvarandre. Difor er det så viktig å spreie dei rette haldningane, og det er det vi forsøker å gje eit bidrag til med denne kampanjen.

– Kan få fatale følgjer

Styreleiaren i NAF åtvarar mot å tru at alle bilar er like.

– Ungdom låner ofte bilar av kvarandre. Då må dei sjekke dekk og andre ting for å vite at bilen er i ordentleg stad. Det er lett å tenke at alt er i orden så lenge bilen går, men det kan få fatale følgjer, seier ho.

Den 9. mai er det finale i Førarkortkonkurransen. Liabø Thorsen håpar ungdomen grip sjansen.

– Ein kjem langt med 20.000. Mange køyrer mykje med foreldra. Det er opp til eleven og foreldra kor mykje tid dei set av til øving.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser