NRK Meny
Normal

Vil du teste kunnskapane dine?

Vi byr på ein liten quiz i helga der du kan teste kunnskapen din, både om aktuelle saker og meir generell ålmenkunnskap.

1/9 Politisjefen som gjekk i strupen på justisministeren

Arne Johannessen er politileiar i Sogn og Fjordane
Foto: Bård Siem / NRK

Politiinspektør Arne Johannessen markerte seg nasjonalt denne veka med sin kritikk mot justisminister Sylvi Listhaug. Men kvar bur han?

2/9 Ny barne-TV-serie frå NRK Sogn og Fjordane

Max
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Max er ein av ungane du kan møte i NRK Sogn og Fjordane sin nye TV-serie for barn. Kva heiter den nye serien?

3/9 Nytt bråk om Kinn kommune

Kristin Maurstad
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Denne veka vedtok kommunestyret i Vågsøy at det blir folkerøysting om den framtidige Kinn kommune. Men kva heiter ordføraren i Vågsøy?

4/9 Høge fjell i fylket

Store Skagastølstind
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi har mange flotte fjell her i fylket, og Store Skagastølstind er det høgst. Kor høgt er denne majestetiske toppen?

5/9 Supertalent i langrenn

Jon Rolf Skamo Hope vert juniorverdsmeister i sveitsiske Goms
Foto: JWSC

Jon Rolf Skamo Hope har tatt fleire medaljer i junior-VM i langrenn denne veka. Kvar blir meisterskapen arrangert?

6/9 Sosiale medier

Snapstreak
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Kva kallar ungdomen (og sikkert mange vaksne) det når du sender snap fram og tilbake til venene dine minst ein gong i døgnet?

7/9 Kuttar i matsvinnet

Egg på Scandic Sunnfjord

Ei rekkje hotell, kafear og restaurantar kastar mindre mat enn før. Kva hotellkjede, som blant anna har eit stort hotell i Sunnfjord, har kutta matsvinnet med 85 tonn?

8/9 Nye båtar til Røde Kors

Den gamle RK-båten i Florø
Foto: Jostein L. Bergset

Eit Røde Kors-lag i Sogn og Fjordan vil no gjere kysten tryggare ved å kjøpe ein ny redningsbåt. Kva lag?

9/9 Dødeleg dyresjukdom

Statlege jaktlag jaktar villrein i kampen mot skrantesjuke.
Foto: Håvard Heggen / NRK

I fjellområda mellom Austlandet og Vestlandet er det no statleg jakt på villrein som kan vere smitta med skrantesjuke. Men korleis blir denne sjukdomen forkorta på engelsk?

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote