Hopp til innhold

Vil du på camping i sommar? Då må du bestille no

LOEN (NRK): Knapt ledige hytter og bubilar på rad og rekke. Smekkfulle bestillingslister gjer at det går mot tidenes campingsommar.

Camping

PÅ CAMPINGTUR: Dei britiske turistane Ann og David Brice er på rundtur i Sogn og Fjordane med bubilen sin.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK

– Det haglar inn med bestillingar, så det er lurt å bestille ganske kjapt, seier leiar for den norske campingkjeda Pluscamp, Helge Ibrahim.

Før var camping assosiert med grilldressar, crocs og skitne fellesareal. No blir det sett på som praktisk, fritt og mobilt. Harry-stempelet er i ferd med å forsvinne ein gong for alle.

Mange av gjestane har meir enn nok pengar til å overnatte på hotell, men dei vel heller camping på grunn av fridomen, seier Ibrahim.

Utlendingar og nordmenn har for alvor fått auga opp for campinglivet. I fjor auka talet på utanlandske overnattingar på campingplassar med heile 16 prosent. 2018 ser ut til å bli endå betre. No kjem gjestane frå heile verda, og dei bestiller i god tid på førehand.

– Vi har aldri hatt så mykje bestillingar som i år. Sesongane blir også berre lenger og lenger. I romjula kom det folk frå Kina, Saudi-Arabia, Nederland og Sverige, så det er litt morosamt, seier Magne Beinnes på Sande Camping i Lodalen i Loen.

Magne Beinnes og Turid Sande Beinnes

GULLALDER: Sande Camping i Loen rir på bølgja av fleire turistar til Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Rusta opp for 800 millionar

Campingplassar rundt om i landet opplever ein gullalder. Dei siste 10 åra har dei rusta opp for 800 millionar kroner.

Jan-Henrik Larsen

SPÅR REKORDSOMMAR: Jan-Henrik Larsen i NHO reiseliv er blant dei som spår rekordsommar for campingplassane.

Foto: Per Sollerman / NHO Reiseliv, , Per Sollerman

– Når ein ser utviklinga på anlegga i Europa, så må ein investere om ein skal henge med. Nye serviceanlegg og uteareal gjer at campingbedriftene har heva kvaliteten, seier Jan-Henrik Larsen som er underdirektør i NHO reiseliv.

Både NHO og Visit Norway har tru på at reiselivet vil oppleve nok ein rekordsommar.

– Tala så langt i år syner ein bra auke samanlikna med rekordåret i fjor, seier Larsen.

Måtte avvise over 100 gjestar i pinsa

På Sande camping i Lodalen har dei knapt ei ledig hytteseng dei komande tre månadane. I pinsa var campingplassen smekk full.

– Vi måtte sende kring 100 bubilar og teltarar vidare til andre, seier Magne Beinnes.

Fleire bubilar skal det bli, for talet på norske bubilar og campingvogner vil auke med 40 prosent i år. Når gjestane strøymer til er det viktig å investere i campingområdet, meiner Turid Sande Beinnes og Magne Beinnes på Sande camping. Sjølv har dei brukt 1 million det siste året på å oppgradere både kjøken og sanitæranlegget.

– Dess meir vi investerer og dess betre plassar vi har, dess meir nøgde gjestar får vi, seier Turid Sande Beinnes.

Daryl Beaton, Evanna Doring

CAMPING MED UTSIKT: Daryl Beaton og Evanna Doring pakkar teltet sitt ved Lovatnet.

Foto: Silje Guddal / NRK