«Eg ville heller tatt inn ein blomster, enn eit plasttre»

FØRDE (NRK): 350.000 nordmenn kjøpte plasttre i fjor. For juletrebonde Sjur Wie er det komplett uforståeleg.

JULETREBONDE: Sjur Vie forstår ikkje at folk vil ha falske juletre i stova si_

– Dersom ein av ulike årsaker ikkje kan ha ekte tre, ville eg heller ha valt ein fin blome. Eg kan ikkje fatte og begripe at folk vil ha falske tre inn i stova si, seier juletrebonden i Førde.

Han har drive med juletre i over førti år, og ser helst at folk har ekte juletre i stova si. Wie kjenner ikkje stort på konkurransen frå plasttre, men seier at han kunne hatt betre omsetting om ein ikkje hadde plasttre.

– Eg trur plasttre er på veg ut, seier Wie.

Det er ikkje butikkleiar for Plantasjen i Førde, Jon Ole Skrede einig i.

Butikkleiar på plantasjen Jon Ole Skrede

PLANTASJEN: Jon Ole Skrede sel om lag likt med falske og ekte juletre.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Vi sel om lag like mykje av plasttre og naturtre. Samstundes har kvaliteten på plasttre blitt mykje betre dei siste åra.

Han har forståing for at folk vel plasttre.

– Mange gjer det på grunn av allergi eller fordi dei bur i leilegheiter, seier han.

Tal frå organisasjonen for norske juletreseljarar, Norsk Juletre, viser at om lag 350.000 nordmenn valde plastjuletre i fjor.

Beste er å hogge sjølv

Marit Bendz i Naturvernforbundet seier at det beste er å hogge eit juletre sjølv, så lenge ein ikkje stel det frå privat eigedom.

– Eit juletre som blir hogd er bra for miljøet, då kjem det nye tre opp, seier ho.

Samstundes treng ikkje plasttre å vere noko versting, men ein bør unngå plasttre som er laga av PVC. Det er ein hard plasttype som å ein må tilsette kjemikaliar for å gjere mjukare.

– Eit plasttre vil ein kunne bruke fleire gongar. Det er også bra for allergikarar, seier ho.

Ho seier at ein også bør vere forsiktig med tre frå plantasjar, då dei kan innehalde mykje sprøytemiddel. Sjølv skal Bendz ut og hogge seg eit juletre.

Delt i folket

NRK tok ein spørjerunde på gata for å høyre kva folk flest tenker om ekte- eller plastikktre til jul.

– Eg vil ha ekte juletre. Det gir meg gode barndomsminne, og samstundes luktar det godt, seier Aslaug Førde.

Aslaug Førde vil ha ekte juletre

EKTE: Aslaug Førde er klar på at det må vere ekte juletre.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Eg valde falskt fordi det er lettare å halde heimen rein da, seier Trine Lise Olsen og legg til at ho likevel likar ekte juletre betre.

Trine Lise Olsen

FALSKT: Trine Lise Olsen har kjøpt falskt juletre. Men syns eigentleg ekte er best.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Eg vil absolutt ha ekte. Det gir god lukt i heimen, og eg føler det blir litt meir liv av det, seier Jorunn Olausen Bull.

Jorunn Olausen Bull

EKTE: Jorunn Olausen Bull vil helst ha ekte juletre i hus.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK