Hopp til innhold

Regjeringa vil fjerne bompengane på Fatlatunnelen

Regjeringa føreslår å fjerne bompengeinnkrevjinga på riksveg 55 i Fatlatunnelen. Viss Stortinget vedtek forslaget, kan bommen vere vekk så tidleg som 1. februar 2014.

Liv Signe Navarsete opna tunnelen.

OPNA: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) opna tunnelen i 2008. Februar 2014 kan bomstasjonen vere historie.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Regjeringa føreslår å betale ned bompengegjelda til Fatlatunnelen, i alt 60 millionar kroner. Det betyr at bomstasjonen i Fatlatunnelen forhåpentlegvis vert avvikla 1. februar 2014, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Fatlatunnelen er på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal, og vart opna 19. desember 2008 av dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Med den 2,2 kilometer lange tunnelen slapp sogningane ein svært rasutsett strekning.

Vil leggje ned fleire

Men det er ikkje berre i Sogn ein truleg kan juble for slutt på bompengar. Også andre stader i landet varslar den blå regjeringa at det skal komme endringar.

– Det regjeringa føreslår er at dei vel å betale ned gjelda i ei rekkje bomprosjekt i landet, der ein ser at ein urimeleg stor del av midlane går til drift av bomstasjonane, seier Djuvik.

Han legg til at i Fatlatunnelen går 27,6 prosent av inntektene til driftskostnader. Djuvik har ikkje den totale oversikta over kva andre bompengestasjonar regjeringa også har forslag om å fjerne.

Frank Willy Djuvik

NØGD: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, meiner dette syner eit tydeleg fotavtrykk av Frp i regjering.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Regjeringa har sagt at vi ønskjer å redusere bompengeinnkrevjinga i Norge. Vi kjem til å leggje ned mange bomstasjonar i åra som kjem, seier Djuvik.

Han trur dette vil betyr mykje for mange som nyttar vegen ofte.

– Dette er positivt for både næringslivet og lokalbefolkninga som pendlar på denne strekninga kvar einaste dag. Per i dag er det 30 kroner per personbil og 60 kroner for større bilar per passering, så dette betyr noko konkret for lommeboka til dei som nyttar vegen mykje, seier Djuvik.

Er felles bu- og arbeidsmarknad

Han legg til at når det gjeld Fatlatunnelen, så har Framstegspartiet og Siv Jensen brukt denne som eit eksempel på ein bomstasjon som er heilt urimeleg.

– At folk skal måtte betale bompengar for å unngå ras, tykkjer vi er urimeleg. Vi var i mot at bommen vart oppretta. No når vi har komme i regjering, får vi altså denne fjerna, seier Djuvik.

Han seier at innbyggjarane no får sjå eit tydeleg avtrykk etter at Frp kom i regjering.

– Vi har ikkje fått gjennomslag for å fjerne alle bompengar, men no får bilistar over heile landet nye godt av at veldig mange bomstasjonar vert lagde ned. Leikanger og Sogndal er ein felles bu- og arbeidsmarknad, og dette vil vere svært positivt for regionen, seier Djuvik.

Han trur dette vil late seg gjere innan 1. februar neste år.

– Selskapet må avviklast og gjerast opp, men vi tek sikte på den datoen, seier Djuvik.

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, seier i ei pressemelding at regjeringserklæringa er tydeleg på at den totale bompengeinnkrevjinga skal reduserast, og at dette igjen syner at vi har fått ei regjering som leverer.

– Det er svært hyggeleg for alle brukarane av vegen mellom Leikanger og Sogndal, som no slepp å betale bompengar, seier Lødemel.

Skulle stått til 2020/2021

Styreleiar i Fatlatunnelen, Ellen Lillesvangstu Njøs, tykkjer meldinga frå regjeringa nesten er som ei førjulsgåve å rekne.

– Det er ei positiv overrasking, ei skikkeleg gladmelding. Det er veldig flott, seier Njøs.

Ho er klar på at dette betyr mykje for mange som nyttar vegen dagleg.

– Vi har hatt bompengebetaling i snart fem år. I Leikanger ser vi på Leikanger, Sogndal og Luster som ein bu- og arbeidsmarknad. Det er mange som pendlar inn og ut av kommunen, så for dei betyr dette at ein monaleg kostnad forsvinn, seier Njøs.

Då bompengeprosjektet vart starta opp, var planen at bomstasjonen skulle stå i 15 år for å få betalt ned gjelda på tunnelen.

– Det har vore ein større trafikk enn det som låg til grunn, så vi har sett at ein ville kunne få ei nedkorting. Slik det ser ut no, ville det liggje an til sju år til, altså 2020/2021, seier Njøs.

Ho legg til at mange nok meinte staten burde teke kostnaden for Fatlatunnelen i byrjinga, då tunnelen var sterkt ønskt på grunn av mange og alvorlege ras over lang tid.

– Dei fleste av oss som bur her var veldig glade for at vi fekk tunnelen, sidan det sikra dei som køyrer på vegen for ras. Mange tenkte nok at dette var ein kostnad staten burde ha teke. At dei no vel å gå inn og ta kostnaden, tykkjer eg er rett og rimeleg. Dette er veldig flott for oss, seier Njøs.