NRK Meny
Normal

Trur på dobla omsetnad i løpet av fem år

Toppsjef for Avery Dennison NTP, Shawn Neville, seier dei vil doble produksjonen på fabrikken i Gaupne.

Shawn Neville/Avery Dennison NTP

SATSAR i LUSTER: President for avdelinga NTP i Gaupne høyrer under, Shawn Neville, seier dei absolutt ikkje har planar om å flytte bedrifta ut frå Noreg.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Eg håpar og forventar sterkt at vi blir eit større selskap med fleire tilsette og meir forretning i Noreg, seier Shawn Neville som er sjef for avdelinga NTP i Gaupne høyrer under.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, møtte Neville då han var på besøk på fabrikken nyleg. Kvalen er svært glad for signala.

– Dei la fram planar om at dei ønskjer å doble produksjonen i Gaupne i løpet av ein femårsperiode. Det betyr fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping. Betre nyheiter kan ikkje ein ordførar få, seier Kvalen.

Ordføraren var uroa

Avery Dennison NTP i Gaupne spesialiserer seg på trykking av merke på tekstilar. Frå fire tilsette i 1988, har bedrifta vakse til 110 i dag. Ordføraren vedgår at han var uroa då Atle Gandrudbakken, gründer og tidlegare dagleg leiar fekk sparken i november.

– Når det blir skifte i leiinga på ein så stor bedrift, er kommunen meir obs på kva som er i ferd med å skje. Kravet til inntening er ofte det dei styrer etter, seier han.

Ingen planar om å flytte

Shawn Neville i NTP seier dei absolutt ikkje har planar om å flytte bedrifta ut frå Noreg, og at dei er svært dedikert ovanfor lokalmiljøet.

– Eg kom ikkje hit og sa vi må kutte eller flytte kompetanse. Eg sa vi vil gjere meir her, og eg har utfordra fabrikken her til å doble produksjonen, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.