Hopp til innhold

Har krangla i årevis – i dag blir striden om denne matjorda avgjort

JØLSTER (NRK): Blir det matjorda eller kunstgrasbana som må vike for fleirbrukshallen? Den endelege plasseringa av den omdiskuterte hallen blir vedteke på kommunestyremøtet i ettermiddag.

Jostein Gjesdal grunneigar Vassenden

GRUNNEIGAR: Det er på denne delen av matjorda til grunneigar og bonde, Jostein Gjesdal, at det har vore aktuelt å bygge fleirbrukshallen. Vassenden barne- og ungdomsskule ligg bak i bilete.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er snakk om seks mål med flatt og fint dyrka areal, og det hadde vore veldig skadeleg å miste det. Når kommunen har sitt eige areal, bør dei bruke det, seier grunneigar og bonde, Jostein Gjesdal.

I eit av alternativa som har vore oppe til drøfting i formannskapet i Jølster kommune, er det desse seks måla av matjorda hans som har måtte vike for fleirbrukshallen.

– Diskusjonen om jorda har vel gått i 30–40 år. Det har heilt klart vore eit press på denne eigedomen, seier grunneigaren.

Men no er han optimistisk.

Venstre: – Har framleis håp

Formannskapet valde tidlegare i oktober å leggje vekk alternativet om å byggje fleirbrukshallen på matjorda hans bak skulen.

Dei vil heller gå for å byggje hallen på kommunal eigedom enten ved tidlegare Mo og Jølster vidaregåande skule (MOJO), som ligg eit lite stykke frå skulen, eller på Øyaflata rett ved skulen der kunstgrasbana no ligg.

Judith Kapstad på kunstgrasbana på Øyaflata på Vassenden

VIL PRØVE IGJEN: Judith Kapstad (V) håper på å få Jølster kommunestyre til å revurdere alternativet om å byggje fleirbrukshallen bak skulen, på den dyrka marka.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Les også: Bøndene kjempar for tunnel i Byrkjelo

Men ikkje alle i kommunestyret har lagt vekk ideen om å plassere hallen på jorda til Gjesdal.

Judith Kapstad sit i kommunestyret og formannskapet for Venstre. Ho vil på ny fremje forslaget om å byggje idrettshallen på den dyrka marka som ligg bak skulen.

– Vi er veldig klare på at vi vil ha hallen bygd det området. Det har òg skulen, foreldre og elevar gitt uttrykk for at dei ønsker.

– Vi vil sjå om vi kan få fornufta til å sigre. Eg håpar folk ser kva som tener skulen og idretten på sikt.

Kapstad meiner alternativet ved tidlegare MOJO uansett ikkje vil komme til å fungere, og ser heller ikkje på alternativet på Øyaflata som ideelt.

– Det vil vere eit smerteleg tap for ungane og skulen å miste Øyaflata. Bana er veldig mykje brukt.

Kunstgrasbana på Øyaflata på Vassenden

MYKJE BRUKT: Kunstgrasbana på Øyaflata ved Vassenden skule er mykje brukt ifølge Kapstad. – Om det blir vedteke at det er det alternativet kommunestyret går for, må ein finne ein erstatning for dette utearealet og sikre eit trafikksikkert miljø for ungane.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Forstår skepsisen

Utbygging av matjord er ei kjent problemstilling.

Det har vore diskutert om det skulle bli bygd bustadar på matjord ved Brulandsvellene i Førde. Liknande diskusjonar har også vore oppe i bystyret i Bergen.

– Dyrka jord er ein mangelressurs. Ein må vere veldig forsiktig med bruk av dyrka jord framover, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Kapstad forstår skepsisen, men meiner ein må prioritere annleis i dette tilfellet.

Jostein Gjesdal

OPTIMIST: Jostein Gjesdal trur jorda hans blir verna i avgjerda til kommunestyret.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det blir meiningslaust å bu på landsbygda og ha all denne plassen, men ikkje gi plass til ungane våre.

Gjesdal er klar på at han meiner matjorda bør vernast.

– Det finst ikkje mykje dyrka jord i Noreg, så det er viktig at vi tar vare på det vi har.