- Unyttig, hevdar energiselskapa. Marknadssjef i Sogn og Fjordane Energi, Endre Fjellestad, meiner forslaget vil gjere straumen dyrare for kundane. Han ser ikkje nytten i at regjeringa no ønskjer å splitte dei store kraftselskapa, slik at nettdrift og straumproduksjon er heilt skilde. Det regjeringa vil, er å gjere forbrukarane meir kritiske til kva dei faktisk betalar. Men for selskapa kan ei deling få store praktiske følgjer.
- Vi må til å etablere doble funksjonar av alt, viss eg har forstått det rett. Vi må ha doble kundesystem, to telefonsystem, dobbelt opp med folk, seier Fjellestad
Kundane betalar
Dette, pluss alle dei doble fakturaane, er det kundane som må betale for, seier Per Storegjerde i Sunnfjord Energi. Han er òg kritisk til forslaget som no er ute på høyring. Det er eit av mange kostnadsdrivande element som kundane må betale for. Utan at dei får noko att, seier han.
Byttar ikkje
Regjeringa vil kundane skal bli flinkare til å byte selskap til eigen fordel. Men det er vi ikkje interesserte i, hevdar Endre Fjellestad. Forbrukarane har skjønt at det lønnar seg ikkje å flytte fram og tilbake. Ifølgje Norsk Gallup er det ein eintydig trend at forbrukarane går tilbake til den dominerande leverandøren i området.