Vil byte ut salmesongen
Sogn og Fjordane Unge Venstre er samde med Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet når det gjeld å byte ut salmesongen i fylkestinget. – Vi vil også ha noko meir moderne og nøytralt som for eksempel eit kulturinnslag, seier fylkesleiar Jacob Bredesen. Han meiner det kan vere ein bra måte for fylkestingsrepresentantane til å få meir variasjon i møta, og til sjå kva ulike talent vi har i fylket.