Hopp til innhold

Vil byggje tunnel forbi rasstaden

Vegvesenet har planar om å byggje tunnel forbi rasstaden ved Ugla på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Bygginga vil tidlegast kunne ta til om to år.

Steinras mellom Olden og Innvik

STENGD: Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik har vore stengd ved Ugla etter eit steinras på laurdag. Det er planar om å byggje ein tunnel forbi rasstaden.

Foto: Randi Skaaden

Til alt hell var ingen skadde då eit stort steinras dundra ned i vegbana ved Ugla laurdag føremiddag.

Rasstaden ligg på ei av strekningane mellom Olden og Innvik der det er planar om å leggje vegen i tunnel. Tunnelen ligg inne i siste byggetrinn, og dersom pengane kjem på plass vil ein kunne starte bygginga om vel to år.

Det er usikkert om hendinga i helga vil kunne framskunde bygginga av Vangbergtunnelen.

– Det er planlagt ein 1250 meter lang tunnel forbi rasstaden. Det blir opp til leiinga i Vegvesenet og politikarane å bestemme ei eventuell framskunding, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Etterlengta utbetringar

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik har blitt kåra til «Norges verste veg» og har rykta på seg for å vere både smal og kronglete. I tillegg til rasfare, fryktar mange som brukar vegen også at det kan få alvorlege konsekvensar når trafikken korkar seg.

Nyleg varsla Fylkeskommunen at dei måtte stogge arbeidet med å utbetre den berykta vegstrekninga, men fylkespolitikarane klarte likevel å finne pengar.

– Vi må berre vente på tur

Nils P. Støyva

VENTE PÅ TUR: Nils P. Støyva seier hendinga i helga var skremmande, men at dei likevel berre må vente på tur for å få pengar til tunnel.

Foto: Vegar Erstad / NRK

I første omgang er det planlagt å byggje den såkalla Agjeldtunnelen, og det er håp om at dette arbeidet skal kunne ta til over vinteren. Fylkesleiar i Ap og avtroppande ordførar i Stryn, Nils P. Støyva trur ikkje det er håp om å finne pengar til Vangsbergtunnelen med det første.

– Ein kan sjølvsagt jobbe for å finne pengar til å byggje begge tunnelane parallelt, men eg tvilar på at det let seg gjere. Vegbygging er ikkje gjort i ei handvending, det er kostbart og ein må berre vente på tur, seier Stryn-ordføraren.

Han meiner hendinga i helga er skremmande og at det viser behovet for å rassikre vegen mellom Olden og Innvik.

Støyva stolar samtidig på prioriteringane som Vegvesenet har gjort, som seier at det er meir prekært å få på plass Agjeldtunnelen før Vangbergtunnelen.

Krev handling snarast

Trongeråsa grunneigarlag representerer grunneigarane på strekninga. Dei har lenge vore uroa for rasfaren i området der steinane brasa ned i vegen på laurdag. No krev dei handling straks.

- No har det vore nære på mange nok gonger. Vi er uroa for at maringane er oppbrukte neste gong, seier Jogeir M. Agjeld som er leiar i grunneigarlaget.

Dei som ferdast langs vegen dagleg har fått meir enn nok og krev at området vert kontrollert regelmessig og at Vegvesenet med jamne mellomrom reinskar fjellsida.

I tillegg krev dei at ein sikrar oppstart på Vangbergtunnelen så snart som mogleg. Dette kjem fram av eit brev som leiaren har sendt til både avtroppande og påtroppande fylkesordførar, i tillegg til noverande og påtroppande ordførar i Stryn.

I brevet krev grunneigarlaget av ein jobbar for å korte ned på tida det vil ta før ein får i gang bygginga av tunnelen. Dei er om at entreprenøren som skal byggje Agjeldtunnelen, får opsjon på Vangbergtunnelen.

- På den måten vert det mogleg å spare tida som går vekk i ei anbodsrunde, og det er grunn til å tru at dei to anlegga blir meir attraktive og såleis billegare, skriv Agjeld i brevet.

Opnar ny tunnel i dag

Måndag opnar Vegvesenet for trafikk på den første nye tunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Nokre månader forseinka kan folk frå i dag køyre gjennom Holentunnelen.