Hopp til innhold

Vil byggje stadion - manglar pengar

Sogndal Fotball vil fullføre utbygginga av Fosshaugane Campus, men treng stor økonomisk hjelp for å klare det.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

JOBBAR MED SAKA: Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal leiter etter pengar for å kunne fullføre stadionutbygginga.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal Fotball er i desse dagar på jakt etter 15-20 millionar kroner for å få finansiert tribunen på den siste langsida på Fosshaugane Campus.

Problemet er at stadionet allereie er belånt til pipa, og at dei dermed må hente 15-20 millionar kroner utanfrå for å klare det.

- No byggjer Sogn og Fjordane fylkeskommune eit nytt praktbygg med ny vidaregåande skule her. Der blir det lagt til rette å byggje tribune. Utfordringa er å få dette på plass, seier Egil B. Mundal.

Må ha 15-20 millionar kroner

Sogndals daglege leiar syner NRK Sogn og Fjordane den såkalla Bjørkesida på Fosshaugane Campus. Langsida er no den einaste langs grasmatta på stadion som ikke er bygt ut med tribune.

Skal Sogndal Fotball klare å gjere anlegget komplett, må klubben ha mellom 15 og 20 millionar kroner utanfrå.

- Vi har diverre ikkje klart å finne pengane. Sjølv om vi har hatt ein stor snuoperasjon økonomisk og eit enorm tøft løft med eigedomsutbygging av Fosshaugane Campus, har vi ikkje ryggrad til å ta på oss alt dette i form av lån i banken, forklarer Mundal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fosshaugane Campus

MANGLAR TRIBUNE: Den såkalla Bjørkesida på Fosshaugane er framleis utan tribune. No treng klubben oppunder 20 millionar kroner for å få den siste delen på plass.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkeskommunen vurderer støtte

Sogndal Fotball har no søkt fylkeskommunen om hjelp. Dei har også søkt INU (Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga) om støtte. I tillegg håpar klubben på ein «dugnadsinnsats» i fylket.

- Det som er vesentleg og mest kritisk i denne fasen, er at entreprenøren no byggjer ny skule her. Når dei forlet staden, så vil kostnaden med tribune nesten doble seg - dersom dei skal komme tilbake og berre byggje den, seier Mundal.

Sogndal håpar å kunne ta ei endeleg avgjerd om å byggje eller ikkje før jul.

- Eg forstår at Sogndal Fotball har lite tid på dette. Men vi må ta nokre interne rundar, før vi kan gje noko signal om kva vi eventuelt kan gå inn med, kommenterer fylkesordførar Nils R. Sandal.

Kan bli kunstgras på bana

- Forventar du reaksjonar viss ein går inn med endå meir pengar i eit anlegg som trass alt har gaske marginal bruk i høve andre ting?

- Ja, det er klart at resten av fylket følgjer med på dette. Det er omsyn vi må ta i høve andre prioriteringar, seier fylkesordføraren.

I samband med aktivitetsnivået vurderer Sogndal samstundes om klubben skal leggje kunstgras på Fosshaugane.

- Det handlar om å utnytte området her betre. Meir aktivitet, meir aktivitet, meir aktivitet, seier Mundal.