Hopp til innhold

Vil satse millionar på restaurant og overnatting på Tungestølen

Sterke krefter ønskjer no å byggje opp att Tungestølen på Veitastrond med ny turisthytte og ikkje minst ein panoramarestaurant med utsikt til breen.

Tungestølen

ØYDELA: Tungestølen vart bortimot heilt knust av Dagmar sine herjingar.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

Totalt er det planar om investeringar på kring 20 millionar kroner i det som kanskje kan bli både overnattingstilbod til fjellfolk, restaurant og opplevingssenter.

Etter det NRK kjenner til er det mellom andre investoren Oddvar Røysi frå Sørheim i Luster og Asbjørn Nes frå Veitastrond, som står bak planane.

Røysi står og bak dei store investeringane i cruisehamna på Skjolden. Verken Nes eller Røysi ønskjer å kommentere NRK sine opplysningar, men Røysi avviser heller ikkje at det er store planar på gang.

Tungestølen juni

RYDDA OPP: Bygningane på Tungestølen fekk store skader under Dagmar sine herjingar. No er det rydda opp i området.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

DNT er kritiske

Den over 100 år gamle turisthytta ved Jostedalsbreen vart knust til pinneved av orkanen Dagmar i romjula, og det har lenge vore diskutert kva som skal skje i området.

Den Norske Turistforening (DNT) og eigarane i området er orientert om planane, men DNT stiller seg kritiske til det som kan bli meir preg av masseturisme i området.

– Utfrå det eg høyrer, så er jo dette veldig framand i høve det Tungestølen har vore til no. Eg vonar jo at ein har ein god dialog med miljøforvaltning, grunneigarar og med eigarane av turisthytta. Slik at det vert gjort på ein ordentleg måte uansett kva som kjem til å vere de, seier assisterande generalsekretær i DNT, Anne Mari Aamelfot Hjelle.

Tungestølen grunnmur

GRUNNMUREN: Berrre grunnmuren står att på Tungestølen.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

I dag driv DNT Oslo ein eigen basecamp i området, noko dei og ønskjer å halde fram med uansett kva som skjer med den gamle turisthytta og området rundt denne.

Kring 20 millionar

DNT avviser i alle fall førebels avvist tanken om ei slik satsing i området. Dei ønskjer ein meir neddempa stil, slik Tungestølen alltid har vore heilt til Dagmar øydela alt i vinter.

Men dersom Oddvar Røysi og hans samarbeidspartnarar får gjennom sine idear, vil Tungestølen også bli ein del av storsatsinga på cruiseturisme i Luster.

Cruisehamna på Skjolden har førebels vore ein suksess, og Tungestølen-området skal og i så fall bli eit dagstur-tilbod til alle cruiseturistane som kjem til Skjolden.