Vest-Busscar ynskjer å byggja 350 bussar i året. (Foto: NRK)
For å frigjere kapital til ei slik investering, er selskapet no i forhandlingar med blant anna Stryn kommune om sal av det gamle fabrikkbygget.
- Vi har tilbydd kommunen å kjøpe eigedommen der vi er i dag. Vi ser óg for oss at det er aktuelt å byggje ein ny fabrikk fram mot 2010, fortel Per Dag Nedreberg, som er administrerande direktør i Vest-Busscar.
32 millionar kroner
I dag gjekk formannskapet i Stryn samrøystes inn for at kommunen skal gå inn i eit nytt eigedomsselskap som skal ta over fabrikkbygningane som Vest-Busscar held til i dag.
I tillegg kjem Selskapet for industrivekst, SIVA, inn på eigarsida i lag med nokre private aktørar. Den skisserte kjøpesummen er på 32 millionar kroner.
- Noko av summen vil jo vere med på det nye selskapet óg, og noko av kapitalen vil me putte inn i drifta, men samstundes ynskjer vi å ha nokre reservar til bruk i seinare prosjekt, seier Nedreberg.
Dobbelt så stort
I dag produserer Vest-Busscar kring 200 bussar i året. Om dei framleis skal vere konkurransedyktige om nokre år, må produksjonen opp i kring 350 bussar. For å få det til ynskjer selskapet å byggje ein ny fabrikk med dobbelt så stort produksjonareal på eit industriområde utanfor sentrum.