Hopp til innhold

Vil byggje moskéar for å motverke radikalisering

– Det er betre at unge muslimar lærer om islam i ein moské, enn av ekstreme krefter på nettet.

Moské i Førde

MOSKÉDRAUM: Yoonis Hasi og leiar for Førde Islamske Senter, Abdulkadir Ahmed, ser på teikninga av moskéen dei ikkje har råd til å byggje i Førde. Dei meiner eit slikt miljø kan motverke radikalisering i lokalsamfunnet.

Foto: Espen Breivik / NRK

Det meiner Ayad Mawloud frå Førde Islamske Senter. Dei hadde planane klare for å byggje moské i Sogn og Fjordane, men økonomien strakk ikkje til. Likevel er draumen om ein stormoské der.

Frivillige i Førde Islamske Senter

FRIVILLIGE: Ayad Mawloud (t.h.) saman med fleire av dei frivillige på Førde Islamske Senter.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Muslimar i Norge treng ein stad å praktisere religionen sin, slik dei hadde i heimlandet, seier Ayad Mawloud.

Han trur ein møtestad for muslimar er viktig for å forhindre radikalisering blant unge.

– I dag er det mange grupper som påstår at dei snakkar i islam sitt namn. Fleire vert radikaliserte eller aggressive fordi dei ikkje går i moskéen og lærer kva islam eigentleg er, seier Mawloud.

– Skal du vere ein god muslim må du tru på Gud, vere snill, ha respekt og vise kjærleik. Vald eller det å dømme andre er ikkje i samsvar med islam.

Det er trangt om plassen på senteret til muslimar i Førde, dei ynskjer seg ein større moské

TRONGT OM PLASSEN: Lokala til Førde Islamske Senter har så vidt plass til alle som ynskjer å be fredagsbøna. FOTO: Espen Breivik.

Betre enn radikale krefter i sosiale medium

Mohamed Abdi Sheikh

POSITIV: Mohamed Abdi Sheikh frå Nordfjordeid er positiv til fleire møtestadar for muslimar, i arbeidet mot radikalisering.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Mohamed Abid Sheikh frå Nordfjordeid er ikkje religiøs sjølv, men har engasjert seg for eit kultursenter for muslimar, og er i dialog med kommunen om dette.

– Det er viktig å ha ein møtestad, der ein kan prate saman om kva som skjer i det muslimske samfunnet.

Han er spesielt uroa over barn og ungdom som veks opp utan å ha moderate muslimar å sjå opp til.

– Dei kan verte fanga opp av meir ekstreme krefter i sosiale medium.

FrP: – Ein dårleg idé!

Frank Willy Djuvik

NEGATIV: Frank Willy Djuvik, gruppeleiar i Sogn og Fjordane FrP, meiner moskéane radikaliserer ungdom.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Frank Willy Djuvik frå FrP meiner det er det motsette som skjer i moskéane.

– Dess meir religion du prentar inn i ungdommane, jo meir radikale vert dei, seier han.

– Har vi ikkje religionsfridom i Norge?

– Det har vi. Om muslimar ynskjer å oppsøkje moskear, er det sjølvsagt fritt fram. Likevel er det ein dårleg idé. Det kan føre til dårlegare integrering og meir radikalisering. Ein bør heller integrere muslimane i det norske samfunnet.

fredagsbønn førde islamske senter

FREDAGSBØN: Fredagsbøna vert leia av ein imam og er viktig for mange muslimar. Denne gongen handla det om korleis vere eit godt medmenneske i islam.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Kan styrke dialogen i lokalsamfunnet

Sheikh, som også står på femteplass på Sogn og Fjordane SV si stortingsliste, meiner ein moské kan styrke kontakten mellom muslimar og andre i lokalsamfunnet.

– Dei som styrer moskéen kan ha kontakt med kommunen og andre i lokalsamfunnet. Det kan opne det muslimske miljøet og skape god integrering.

Slik kan også moskéane forsøke å ha kontroll på kven som utviklar radikale idéar.

– Om dei vil forhindre radikalisering, kan dei samarbeide med politi og kommune.

Forhindrar fråflytting

Sheikh trur også moskéar i distrikta er viktige for å forhindre fråflytting til større muslimske miljø i storbyane.

– Eg har snakka med fleire muslimar som ynskjer å bu i fylket, men som synest det er noko vanskeleg utan ein slik møteplass som ein moské kan vere.