Vil byggje hytter i tretoppane
Hotelleigar Preben Moen ved Gloppen hotell har planar om å byggje fire nye hytter i tretoppar på Sandane, skriv Firda. I fjor opna han den første trehytta, og det er blitt ein suksess frå første dag. Dei nye planane har ein prislapp på fem millionar kroner.