Hopp til innhold

Vil byggje eit nynorsk mediehus

NRK Sogn og Fjordane og Firda har starta ein prosess der målet er å byggje eit nytt felles mediehus i Førde.

Redaktørane i Førde

REDAKTØRAR: Desse redaktørane har prata i lag om å slå seg saman.

Foto: Geir Ivar Ramsli / Firda

– Vi vil byggje eit kraftsentrum for aktørar som er opptekne av media, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane Terje Gilleshammer.

I første omgang er det NRK sitt distriktskontor og Firda som vil samle seg under same tak. Gilleshammer seier og at det vil vere naturleg å få med fleire aktørar.

– Det er mange som jobbar med media i dag. Festivalar og kulturverksemder har også blitt medieprodusentar, og kanskje kan vi også samarbeide med dei.

NRK Sogn og Fjordane har haldt til på Prestebøen i Førde sentrum sidan 1979, og distriktsredaktøren fortel at det er på tida å oppgradere.

– Dei lokala vi har i dag, er ikkje framtidsretta. Vi har funne ut at det er behov for nye redaksjonslokale, og då er det ein spennande tanke å samle seg med andre aktørar i Førde.

Håpar nytt hus kan styrke nynorsken

Terje Gilleshammer er særleg oppteken av at eit nytt mediehus kan vere ein stad der nynorsken kan blomstre. Han ser for seg at eit samling av mediebedriftene kan vere positivt.

– Det eg håpar på, er at ei slik samling kan gje positive ringverknader for nynorsken sin posisjon i media.

NRK-huset i Førde og avishuset Firda

VIL SLÅ SEG SAMAN: Firda og NRK Sogn og Fjordane er i samtalar om å slå seg saman.

Foto: NRK

Gilleshammer understrekar at det endå er tidleg i prosessen.

– Vi held framleis på med ei sondering, men det er triveleg å registrere at Firda er så positive til denne tanken.

– Det er ein trend å samle fagmiljø

Og redaktør i Firda Ynge Årdal stadfestar at han har trua på prosjektet.

– Det er jo ein trend i tida å samle fagmiljø, for å oppnå synergieffektar. Eg tykkjer eit nynorsk mediehus er ein veldig spenstig tanke, seier Årdal.