Hopp til innhold

Vil bygge ny DNT-hytte på Sunndalssætra

DNT ynskjer å bygge ei ny sjølvbetjeningshytte på Sunndalssætra i Stryn.

Sunndalssætra

NYBYGG: I utkanten av Sundalssætra vil Den Norske Turistforening byggje ei hytte.

Foto: Ingolf Folven

– Det er vi utgangspunktet positive til, seier Ingolf Folven, ein av grunneigarane på Sunndalssætra.

Frå 1946 og fram til kring 1970 disponerte DNT ei hytte på Sunndalssætra, men låg interesse gjorde at dette vart avslutta.

– Det var forholdsvis lite trafikk. Det var jo den gamle ruta over frå Skjåk over Rauddalen til Sunndalen som var grunnlaget for den sjølvbetjeningshytta. Frå Skridalupubu i Skjåk og til Sunndalssætra er det ein veldig lang dagsetappe og det har vel gjort til at trafikken gjennom Rauddalen har vore liten, seier Folven.

Sunndalssætra

KAN FÅ DNT-HYTTE: Sundalssætra slik det så ut på 1960-talet.

Foto: Ingolf Folven

Kamperhamrane

I fjor sommar opna den nyrestaurerte ferdselsvegen over Kamperhamrane, og det har ført til fornya interesse for turområdet i Sunndalen.

Ingolf Folven

POSITIV: Ingolf Folven er grunneigar på Sunndalssætra.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det vil gjere det enklare for dei i nærmiljøet som ikkje har eigne stølshus. Sunndalssætra kan vere utgangspunkt for mange fine dagsturar. Og erfaringane frå opprustinga av Vetledalssetra i Erdalen i Stryn syner at den no er atskilleg meir i bruk, seier Folven.

Nasjonalpark

Men når det gjeld eventuell ny DNT hytte på Sunndalssætra ynskjer også Jostedalsparken Nasjonalpark å ha eit ord med i laget.

– Det som er litt av utfordringa vår er at vi er forplikta til å ta vare på villreinen i nasjonalparken, seier nasjonalparkforvaltar, Maria C. Knagenhjelm.

Ei anna problemstilling som Nasjonalparkstyret er opptekne av er omfanget prosjekt vil få.

– Vi er opptekne av plante og dyreliv, enkelt turliv og å ta vare på kulturminna våre. Det meiner vi at eit nybygg på eller ved stølsvollen vil kome i konflikt med. Kunne ein få til ein bruk av eit dei eksisterande stølshusa og restaurere dei på antikvarisk måte, og legge til rette for mindre grupper, så føler vi at det kunne vore ei god løysing, seier Knagenhjelm.