Hopp til innhold

Vil bygge fleire sterke friidrettsmiljø i fylket

Åtte medaljar til Sogn og Fjordane er fasiten etter årets senior-NM i friidrett. No vil krinsen jobbe vidare med å bygge fleire sterke klubbmiljø.

Trude Raad i sleggeringen

BRONSE: Med eit lengstekast på 63,28 meter sikra Trude Raad seg bronse i slegge under NM på Askøy. Dette var ein av fire NM-medaljar henta heim frå den sterkaste friidrettsklubben i fylket, Gloppen FIL.

Foto: Eigil Instebø

– Det står bra til med friidretten i fylket. Så kan ein alltid ønskje at det blir betre, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins.

Han er godt nøgd med prestasjonane til dei 22 lokale utøvarane som denne helga deltok på senior-NM på Askøy.

Til saman vart det åtte medaljar, to gull, fire sølv og to bronse. Det stemmer god overeins med Heggheim sine forventningar i forkant.

– Sjølvsagt skal ein konkurrere først, men friidrett er ein målbar idrett. Denne gongen innfridde medaljekandidatane våre til det fulle.

Gull og sølv

Marius Vedvik

GULL OG SØLV: Marius Vedvik frå Førde sikra seg både gull og sølv under NM. Til saman vart det åtte medaljar på utøvarane frå Sogn og Fjordane under NM.

Foto: EIGIL INSTEBO

Ein av dei som gjorde eit sterkt NM var løparen Marius Vedvik frå Førde. Vedvik, som spring for Gular, fekk gull på 5000 meter og sølv på 10.000 meter.

Spesielt på 5000 meter likte Heggheim det han såg.

– Tidlegare har han lagt seg i front og drege opp farten, men no låg han bak i feltet og let dei andre gjere jobben i starten. Så kom han med ein langspurt på slutten og sikra eit solid gull.

På 10.000-meteren var Vedvik ifølgje Heggheim litt tilbake til gamle synder, noko som straffa seg. Men han kom seg opp att og sikra sølvet, og var ikkje så langt frå gullet på oppløpet, konstaterer Heggheim.

Vil ha fleire sterke klubbar

Fire av åtte medaljar til fylket er henta heim av utøvarar frå Gloppen FIL. Heggheim seier dette er den sterkaste klubben i fylket akkurat no.

Saman med Florø T&IF er dette klubbane med dei sterkaste miljøa for friidrett i fjordfylket.

– I enkelte deler av fylket skulle vi ønskje at fleire var med på friidrett. Dette er noko vi må jobbe med i lag med klubbane, seier Heggheim.

Narve Heggheim

JOBBAR VIDARE: Narve Heggheim i friidrettskrinsen seier dei jobbar vidare for å jobbe fram fleire sterke friidrettsklubbar i Sogn og Fjordane.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Held fram arbeidet

Han seier Florø og Gloppen har sterke tradisjonar for friidrett, i tillegg til at dei har gode anlegg og allsidige og gode trenarar.

– I mindre klubbar er det litt meir varierande. Friidrett er ein krevjande idrett å vere med på, fordi det er så mange øvingar. Det å trene og få fram utøvarar krev kanskje litt meir enn i ein del andre idrettar.

Heggheim understrekar at det er utøvarane sjølve som saman med klubbtrenarane jobbar fram gode resultat. Samtidig gjer krinsen det dei kan for å legge til rette for eit blomstrande friidrettsmiljø i fylket.

– Vi prøver å knytte klubbar som er sterke til utøvarar som er få i sin klubb, slik at vi får til ei erfaringsutveksling på tvers av klubbane. I tillegg handlar dette om å få utdanna trenarar og eldsjeler, og her har vi ei viktig rolle.