Hopp til innhold

Vil bryte lova for Engebøfjellet

Organisasjonen Natur og Ungdom er villig til å bruke sivil ulydnad dersom gruveplanane i Vevring blir gjennomførde.

Leder i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold fra Tromsø

NEGATIV: Leiar i Natur og Ungdom, Ola Skaalvik Elvevold, seier dei vil bryte lova for å hindre gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Natur og ungdom

Leiar Ola Skålvik Elvevold seier dei helst vil vinne saka i Miljøverndepartementet, men at dei også førebur å måtte bryte lova dersom Nordic Mining sine planer går igjennom.

– Vi er villige til å gå til ulovlege, men fredelege, aksjonar for å hindre utbygging, seier han.

Miljøkriminalitet

Miljøvernminister Erik Solheim er i dag på synfaring i Naustdal kommune for å sjå området der Nordic Mining vil drive gruvedrift i Engebøfjellet. Det sentrale spørsmålet for mange er det planlagde fjorddeponiet i Førdefjorden.

No samlar Natur og Ungdom folk som er villige til sivile aksjonar i tilfelle verksemda får dumpe avfallsstoff i fjorden.

– Vi har ingen garanti for at deponiet ikkje vil føre til uoppretteleg skade på livet i ein allereie sårbar fjord. Dersom regjeringa tillet prosjektet, er det på grensa til miljøkriminalitet, seier Elvevold.

Fagleg usemje

Organisasjonen viser til at det er stor fagleg usemje om følgjer eit eventuelt deponi vil ha for livet i fjorden. NIVA, som har skrive konsekvensutgreiinga for Nordic Mining, meiner følgjene er til å leve med.

Havforskingsinstituttet meiner deponiet vil legge fjorden dø i mange tiår framover og at partiklane vil kunne spreie seg i fjorden.

– Denne type øydelegging som vi snakkar om her, har eit så stort omfang både i mengde og tal år, at vi meiner det er ei ekstremt stygg sak. Sidan det er ein del fagleg usemje i saka, meiner vi at prinsippet føre var må ligge til grunn, seier Elvevold.