Hopp til innhold

Vil bruke sonar i søket

Politiet melder at dei skal undersøke mogelegheitene for å nytta sonar og eit fjernstyrt undervassfartøy i søket etter den sakna mannen i 50-åra i Flora. Før helga gjorde politi og Røde Kors søk i området mellom Stavang og Eikefjord utan å gjera funn. Det er også planlagt eit større utvida søk i området ved hjelp frå frivillige.