Normal

Vil bruke NRK-kåring for å grille politikarane om riksveg 13

To strekningar på riksveg 13 kom på NRKs kåring over «Noregs verste veg». No må politikarane svare for dårleg rassikring og låg vegstandard på stor vegkonferanse.

Riksveg 13

KØ OG KAOS: Tusenvis av turistar har stått i endelause køar om sommaren på riksveg 13 i Hardanger.

Foto: ISELIND BJURHOLT, TALE HAUSO / NRK

– Vi har ein jobb å gjere med å løfte fram denne vegen, seier dagleg leiar i Fjordvegen Rute 13, Jostein Eitrheim.

– De kjem til å bruke kåringa for det er verdt?

– Ja, heilt klart.

I dag møtest fagfolk, interessegrupper og politikarar i Vik i Sogn til den årlege vegkonferansen for å sette fokus på fylkesveg/riksveg 13. Strekningane som strekker seg frå Moskog i Førde til Sandnes i Rogaland.

Bilete av Jostein Eitrheim

VIL UTFORDRE POLITIKARANE: Dagleg leiar i Fjordvegen Rute 13, Jostein Eitrheim, gjer seg klar til å utfordre politikarane om dårleg vegstandard.

Foto: Fjordvegen Rute 13

– Riksveg 13 er ei livsnerve for indre del av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Vi må bli tydelegare på kva behov denne vegen har. Både standardheving og rassikring, seier Eitrheim.

I NRKs uoffisielle kåring av «Noregs verste veg» kom det med to strekningar frå riksveg 13. Rv13 Sand-Erfjord i Rogaland og Rv13 Bjotveit-Odda i Hordaland kom på høvesvis 3. og 6.-plass.

Nokre av dei kraftigaste reaksjonane i kåringa kom frå nettopp brukarar av desse to strekningane:

«Som nasjonal turistveg i eit elles flott fjordlandskap står fram denne strekninga i særs dårleg forfatning både for bilistar og syklistar.»

«Veldig smal og stor trafikk.»

«Kaos på sommaren.»

«Betydeleg rasfare. Vesentleg fare for møteulykker. Stor trafikk»

– Taper for E39

Jostein Eitrheim meiner Fv13/Rv13 tapar for dei store milliardprosjekta i nye E39.

– Du kan sjå på Hordfast som skal gi ferjefri samband mellom Stord og Bergen på E39. Det er eit så stort prosjekt at det legg beslag på nesten heile ramma som fylket blir tildelt. Det vi ser på som livsviktige prosjekt langs riksveg 13 må då vente, seier Eitrheim.

Særskild reagerer han på det han omtalar som jamlege «standardbrot». Vegstrekningar med to køyrefelt som plutseleg går over i ei langt smalare vegbane.

– Tilbakemeldingar frå folk er at vegen har alt for dårleg standardnivå. Uforklarleg og litt merkeleg stansar gul midtstripe rundt ein sving og held fram med ei smal køyrebane mange stadar. Det blir stykkevis og delt og veldig vanskeleg å planlegge.

Fleire utbetringar

Helge Eidsnes

FLEIRE UTBETRINGAR: Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen seier det har kome fleire nye prosjekt på riksveg 13 dei siste åra.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen seier det er betydeleg etterslep både på E39 og riksveg 13.

– Vi har styrkt budsjettet vårt slik at vi er i gong med å ta igjen forfallet. Det er riktig at vi har starta opp ein del prosjekt langs E39 som er store og kostbare. Men det har vore og er stor aktivitet også på riksveg 13, seier Eidsnes.

Han viser til fleire prosjekt som har blitt bygd dei siste åra som Hardangerbrua, Jobergtunnelen og rassikringsprosjektet i Deildo.

– Prioriteringane mellom dei ulike vegstrekningane er til sjuande og sist eit politisk spørsmål, seier Eidsnes.

Vegopning på Bergum i Førde kommune