Hopp til innhold

Vil bruke harpun for å bli kvitt pukkellaksen

Ein havforskar ved NINA meiner at ein no bør ta grep for å bli kvitt fiskearten pukkellaks. Den svartelista fisken spreier seg over heile landet.

Fanga pukkellaks med harpun

UFISK: Pukkellaks er ein uønskt art i Norge, fortel havforskar Thorbjørn Forseth ved NINA.

Foto: Otto Hellebust

– No er det registrert pukkellaks i meir enn 160 vassdrag. Eg trur nok det tyder at vi har det nesten overalt, seier seniorforskar Thorbjørn Forseth ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Tysdag fekk ein fiskar ved elveosen i Årdalsvatnet ein pukkellaks.

– Det er jo interessant at ein finn dei så lang inn i fjordsystemet og opp i vassdraget, seier Forseth.

Det var russarar som sette ut pukkellaksen ved Kolahalvøya på 1950-talet, og dei siste 50 åra har laksen eksistert i Nord-Norge. Sjølv om pukkellaksen ikkje har gjort noko skade på det biologiske mangfaldet, er den likevel uønskt i norsk natur.

Forskaren ved NINA meiner at ein no lyt ta grep om ein skal få bukt med problemet.

– Det vi har tilrådd er at ein må få ut så mange som mogleg av desse så vi hindrar dei i å gyte. No er det starten på gytetida, og får dei gyte er det for at dei etablerer seg. Det ønskjer vi definitivt ikkje.

Pukkellaks fanga i Årdalseleva i Sogn 15. august 2017

DET SISTE FUNNET: Denne pukkellaksen vart fanga tysdag denne veka. Den er hokjønna, og har difor ikkje den karakteristiske pukkelen.

Foto: Thomas Hestetun

Vil ha bruk av harpun

Forseth meiner at det finst meir effektive måtar å ta ut mykje fisk på enn å fiske med stong.

– Vi har gode erfaringar med bruk av harpun. Det går også an å setje ut garn, og nokre har prøvd å fiske med kastenot.

Desse metodane er derimot ikkje berre å begynne med for folk flest. Det er Fylkesmannen i kvart fylke som kan gje løyve til å fiske med slikt utstyr.

– Vi har allereie gitt eitt slikt løyve. I helga skal det bli fiska med harpun etter pukkellaks i Eidselva, seier Jon Anton Gladsø hjå miljøvernavdelinga til Fylkesmannen.

Gladsø fortel at dei vurderer søknader om slikt fiske fortløpande. Om eit fiskeeigarlag oppdagar ufisken i si elv, oppmodar han dei om å søkje.