Han fekk ikkje tak i nokon- no kan dronar bli redninga

Raymond Lillemo måtte springe for livet då ekstremvêret herja i Jølster. Etterpå fall alt mobilsamband vekk i to døgn. No kan dronar bli løysinga for rask gjenoppretting av samband.

Raymond Lillebø under raskatastrofen i Jølster

DRAMATISK: Raymond Lillemo sprang så raskt han kunne for å kome seg unna gigantrast i Jølster. Etterpå fall mobildekninga ut i to døgn.

Foto: Bård Siem / NRK

– Jølster var reine katastrofeområdet etter alle rasa som gjekk. Samtidig var det ikkje råd å få tak i nokon. Alt samband var ute. Mange var redde og situasjonen var kaotisk, seier Raymond Lillemo. Mobilnettet låg nede i to døgn.

Lillemo måtte springe i tryggleik då det gigantiske raset gjekk på Vassenden på ettermiddagen 30. juli i år. I eit anna ras på sørsida av Jølstravatnet omkom ein mann i 50-åra.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) tek no til orde for mellom anna å bruke dronar for å gjenopprette mobilsamband under naturkatastrofar.

Det tidlegare Post- og teletilsynet har ansvaret for all telekommunikasjon i landet.

– Det som skjedde i Jølster med dei forferdelege rasa, og samband som fall vekk over tid, er ei hending som ikkje berre kan gå forbi. Vi må finne ut korleis vi kan få mobildekninga tilbake mykje raskare i område der det er umogleg å gå inn med folk, seier Nkom-direktør Elisabeth Aarsæther.

Løfte antenne opp i lufta

Nkom la nyleg fram ein rapport der mellom anna bruk av dronar blir sett på som ei aktuell løysing.

– Tanken er at ein ved hjelp av dronar kan løfte ein type antenne opp i lufta for dermed å gjenopprette mobildekninga, seier Aarsæther.

Elisabeth Aarsæther, Nkom

SER PÅ NYE LØYSINGAR: – Hendinga i Jølster, der mobilnettet låg nede i to døgn, viser at vi må finne nye løysingar for å kunne gjennomrette nettet på ein raskare måte, seier Nkom-direktør Elisabeth Aarsæther.

Foto: NRK

Nkom-direktøren vedgår at drone-løysinga framleis er på forsøksstadiet, men trur det snart let seg realisere.

– Eg vil gjerne utfordre innovative miljø til å utvikle og vurdere nye løysingar, seier ho.

Aarsæther presiserer også behovet for endå meir robuste mobilnett, fleire uavhengige nett, reservestraum, doble liner og forsterka basestasjonar som viktige førebyggande tiltak.

– Sårbart i dårleg vêr

Raymond Lillemo meiner det er bra at det blir lansert nye idear for korleis ein raskast mogleg kan gjenopprette mobilnettet.

– Eg ser i utgangspunktet positivt på bruk av dronar for å gjenopprette mobilsambandet. Men det kan også ha sine avgrensingar. Med uvêr og vind, som det ofte er når sambandet fell ut, vil det ikkje vere lett å få ei drone opp i lufta, seier han.

Raset ved Vassenden i Jølster

ENORMT RAS: Mobilsambandet låg nede i to døgn etter dette raset og fleire andre ras i Jølster 30. juli i år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kan vere fatalt

Innsatsleiar i Jølster kommune, Tor Arild Segtnan, spelte ei sentral rolle under raskaoset i Jølster. Han er glad for signala frå Aarsæther.

– Det er heilt på sin plass at det blir gjort noko for å unngå at vi misser sambandet over lang tid, slik vi gjorde i Jølster.

Han viser til at det var uråd å få tak i folk via mobilnettet, og at situasjonen var kaotisk.

– Det gjorde at vi fysisk måtte dra til staden for å gje beskjed. I verste fall kan det vere fatalt dersom ein ikkje greier å nå tak i folk, seier Segtnan.

Dan Inge Gjesdal og Tor Arild Segtnan i Jølster kommune.

POSITIV TIL DRONAR: Innsatsleiar Tor Arild Segtnan i Jølster kommune (til høgre) trur dronar som løftar antenner opp i lufta kan vere ei god løysing for rask gjenoppretting av mobilnettet. Her under leiteaksjonen etter den sakna mannen i 50-åra.

Foto: Bård Siem / NRK