Hopp til innhold

Vil brannsikre Telegrafen

Den 175 år gamle Telegrafen i Lærdal skal no sikrast mot brann, skriv Sogn Avis. Kommunen har sendt søknad om å få 475.000 kroner frå Riksantikvaren. Totalt vil sikringa kome på 950.000 kroner. Bygget som er eit av dei største og mest staselege i Lærdalsøyri, blei bygd i 1844. Huset rommar no eit telemuseum, men har tidlegare både vore apotek og hotell. Det er no fire år sidan storbrannen i Lærdal der over 40 bygningar blei totalskadde.

Jostein Avdem Fretland framfor Telegrafen i Lærdal
Foto: Arianrhod Engebø / NRK