Hopp til innhold

Vil boikotte selskap som støttar Nordic Mining

Stein Malkenes og Miljøpartiet Dei Grøne vil at folk skal dra pengar ut frå alle institusjonar som støttar Nordic Mining.

Trening på sivil ulydnad Førdefjorden

ENGASJEMENT: Sjølv om miljørørsla ikkje fekk støtte frå ESA vil dei framleis motarbeide planane om fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne, Stein Malkenes, er skuffa etter at det vart klart at EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, no gir Nordic Mining grønt lys til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

– Eg vedgår at dagens avgjerd formelt sett var miljørørsla sitt siste halmstrå for å få stogga dumping av gruveavfall i Førdefjorden, seier Malkenes.

Stein Malkenes

INITIATIV: Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne, Stein Malkenes, vil få med seg folk i ein boikott av selskap som støttar Nordic Mining.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

No arbeider han og Miljøpartiet mot fjorddumping via andre vegar.

– Vi vil få folk med oss på å dra sparepengar og anna finansiering ut av alle bankar og institusjonar som støttar Nordic Mining, seier han.

Eiga nettside

Stein Malkenes har tenkte ein del på korleis han skal få folk med seg på boikotten av Nordic Mining.

– Vi vil byrje med å lage ei nettside der vi forklarar korleis folk kan gjere dette. Her vil vi lage ei oversikt over alle finansinstitusjonar som har interesser i Nordic Mining, forklarar Malkenes.

Overraska

Ivar Fossum i rettsalen

OVERRASKA: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Sund Fossum, synest det er synd at MDG vil boikotte selskapet han styrer.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Sund Fossum, synest lite om initiativet til Malkenes og Miljøpartiet Dei Grøne.

– Eg synest dette er veldig merkeleg. Spesielt no når eit stort organ som ESA meiner at Noreg si tolking av dette direktivet er gjort på rett måte, seier han.

Samtidig fryktar ikkje Fossum for konsekvensane av den aksjonen som Malkenes no tek initiativ til.

– Vi er vane med at ulike prinsipielle motstandarar freistar å svartmåle oss som vil skape ny og robust industriverksemd basert på mineral og produkt som vi treng i samfunnet vårt. Eg trur at historia vår og det vi gjer vil gi tryggleik til våre aksjonærar, seier Fossum.

Og så har Fossum ei oppmoding til Malkenes.

– Gå inn og les om kvifor ESA har bestemt det dei har bestemt, seier han.

Gir seg ikkje

Malkenes og MDG har på si side ingen planar om å gi seg i denne saka.

– Eg meiner at fjordar har ein enorm eigenverdi i tillegg til at dei gir oss rekreasjon, fiske og fangst. Det er dei langsiktige naturverdiane vi skal leve av og eg går ikkje med på å øydelegge dei gjennom nokon titals år med gruvedrift, seier han engasjert.