Vil bli verdas beste på hjort

SVANØY (NRK): På Svanøy utanfor Florø ligg Norsk Hjortesenter. Gjennom kurs, arrangement, bøker og bilete formidlar senteret eigenprodusert kunnskap om hjort, målet er å bli best i verda.

Johan Trygve Solheim

KOS OG KJÆRLEIK: Hjortane på Svanøy har stort behov for merksemd og kjærleik, Johan Trygve Solheim tar godt hand om hjortane sine.

Foto: Elias Engevik / NRK
Elias Engevik
Journalist

– Vi ser at vi har nådd vår visjon, difor må vi lage ein heilt ny, og det må vere at vi skal bli det mest anerkjende kompetansesenteret for hjort i heile verda, smiler Johan Trygve Solheim, leiar ved Norsk Hjortesenter.

Hjortesenteret formidlar viktig kunnskap om hjort, med fokus på alt frå å drive hjorteoppdrett med tammhjort til slakting av villhjort.

– Mange hjortejegerar veit alt om kuler, kaliber, våpen og utstyr, men når det kjem til slakting så er det for mange eit langt stykke å gå, meiner Solheim.

Hjort er veldig vakre dyr, også smakar dei godt i tillegg.

Johan Trygve Solheim / Norsk Hjortesenter

Sidan 1970- talet har interessa for hjort eksplodert, ifølge Solheim blir det teke ut nærmare 40 000 hjort på landsbasis kvart år, medan på 70- talet var det rundt 1000.

– Her på hjortesenteret skal vi vite alt om hjort, slik at dei som vil bli hjortebonde, eller vil lære om hjort, skal få best mogeleg kunnskap gjennom oss, fortel Solheim.

Leiaren ved Norsk Hjortesenter blir lagt an på av hjortane.

FORT HJORT: Når hjortesjefen besøker hjortane sine blir det liv i garden. (Foto/redigering: Elias Engevik)

Selje hjorten fire gongar

Norsk Hjortesenter vart grunnlagt 1. januar år 2000. Den gongen sette Solheim opp nokre levereglar for sentrert, ein av dei var å «selje hjorten fire gongar».

– Skal vi få økonomi ut av å drive med hjort nyttar det ikkje å berre skyte hjorten og gi den frå seg, vi må selje den fire gongar, noko vi har fått til, smiler leiaren.

  1. Attraksjon og kurs rundt hjorten.
  2. Slakte hjorten og selje kjøtet og dei ulike delane.

–Dei to siste er meir kompliserte og ikkje minst er dei hemmelege, gliser Solheim.

Svanøy som forskingsarena

Den første hjorten vart skoten på Svanøy i 1970, no blir det skutt rundt 30 dyr kvart år. Fem prosent av øya er inngjerda der tamhjorten går rundt.

– Svanøy er ein plass der vi prøver å gjere ting riktig, men også lære av feil. Vi har fordelar med at vi er på ei øy, og at det blir eit avgrensa område for hjorten, forklarer Johan Trygve Solheim.

På denne måten lærer dei meir om hjorten, og om korleis folk kan forvalte, og tene pengar på hjortedrift.

–Ved å ha tamhjort her kan vi forske på ulike sjukdommar, trafikkproblem og skade i jordbruket. Det å ha kunnskap i forkant av noko er viktig, der ønsker vi å vere bidragsytarar.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.