I fjor selde skiprodusenten 500 par med ski.
– Det er ikkje nok, fortel dagleg leiar Ola Alsterholm.
Firmaet gjekk difor i underskot i 2015, og må selje minst 700 par for å gå i pluss.
– Vi har stor etterspurnad, men manglar pengar til å produsere ski, seier leiaren.
Difor er dei no på jakt etter investorar som kan spytte pengar inn i selskapet. Gründer Tore Frimannslund seier dei ventar å nå «break-even» i år, det vil seie at inntektene blir like høge som kostnadene.
– Vi er på god veg til å klare salsmåla våre, seier Frimannslund.
Den lokale frikøyringsprodusenten har tre tilsette som jobbar til saman 1,5 årsverk. Ifølgje dei sjølve, er dei landets største produsent av alpine ski. No har dei også fått innpass i landsdekkjande kjeder.
Starta i ein garasje
Det heile starta i ein garasje på Leikanger. Ein kompisgjeng frå Sogndal var lidenskapleg opptekne av frikøyring.
Problemet var at dei ikkje fann ski som passa til dei lokale forholda, med mykje snø og skogskøyring. Dei unge mannfolka starta difor å bygge ski på eigehand.
- Les også:
Då Ola Alsterholm og Bård Basberg flytta til Sogndal blei dei kjend med kompisgjengen som laga eigne ski. Dei byrja etter kvart å delta i produksjonen.
– I Sogndal knyter ein venskap gjennom ski, seier Basberg. Han er fotograf, og har ansvar for kommunikasjon.
Vil lage den perfekte skia
Det tok nesten seks år før kompisane kom fram til dei perfekte frikøyringsskia. Skia kalla dei Togga, etter ein av dei mest populære toppturfjella i Sogndal.
På ein av dei fyrste turane med Togga vann kompisane frå Sogndal ein konkurranse.
– Deretter la dei ut ein førespurnad på Facebook om det var nokon som ville betale 2.500 kroner i depositum på eit par ski. 62 betalte. Då var dei nøydde til å starte eit selskap, seier Alsterholm, som har teke over som dagleg leiar i SGN.
– Det beste vi veit om er å stå på ski, og det er veldig bra at vi kan kombinere det med jobb, seier Basberg.
Ikkje store nok
Med ein omsetnad på 1,9 millionar i 2015 og 1,6 millionar i 2014, fortel Alsterholm at SGN har ein lang veg å gå for å bli store. Likevel meiner han at dei klarar å nå måla sine i år.
– Vi har eit budsjett på over tre millionar grunna innsal til større bedrifter. Målet er realistisk, seier Alsterholm.
- Les også:
SGN konkurrerer no med dei store alpinmerka som Salomon og Atomic, men har ikkje som mål å selje like mykje som konkurrentane.
– Vi har ikkje ambisjonar om å kome på same nivå som dei, men vi må uansett vekse, seier leiaren.