Hopp til innhold

Sleit med hjarte som slo i galopp – no vil han bli Sogndals nye angrepsvåpen

SOGNDAL – HØDD 0–2 (NRK.no): Victor Grodås har fått kontroll på problema som sette han på sidelinja i sju-åtte kampar i fjor. No kan backen bli eit offensivt angrepsvåpen for Sogndal.

Victor Grodås i treningskamp for Sogndal

OFFENSIV: Victor Grodås vil gjerne vere med framover på bana frå posisjonen sin som venstreback. Her er han i fint driv i treningskampen mot Hødd.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg synest det er moro å vere med framover, og det vil eg gjerne halde fram med, seier Victor Grodås.

Han har nettopp gått av bana etter bitre 0–2 i treningskampen mot gamlelaget Hødd.

– Eg ser vi har ein del å ta tak i. Det er mykje bra, men vi har ein jobb å gjere framfor oss. Så det er berre å jobbe vidare, seier han.

Er tydeleg interessert i å bidra i det offensive

Sogndal fekk aldri spelet til å sitje skikkeleg i treningskampen mot divisjonskollega Hødd i Sognahallen. Heimelaget hadde ballen mykje, men sleit med å få rytme i spelet.

Dermed kunne Hødd liggje lågt i bana og køyre kontra mot Sogndal. Det resulterte i eitt mål i kvar omgang – begge to etter blunderar av sogningane.

Victor Grodås spelte sin andre kamp etter overgangen frå Hødd. Mot Nest-Sotra fekk han si første nettkjenning, og også mot Hødd var han tydeleg interessert i å vere med offensivt. 23-åringen var stadig spelbar ute på kanten, og han kom til fleire innlegg.

– Sogndal har ein litt annan måte å spele på, og det tar litt tid å komme inn i det. Men det er inga krise å tape mot Hødd, sjølv om det er kjedeleg å tape mot gamleklubben. No øver vi på det vi skal bli betre på. Eg trur dette blir veldig bra, seier han.

Eirik Bakke (t.v.) og Ian McParland

VIL TA TID: Trenar Eirik Bakke meiner det vil ta tid før Sogndal spelar fotball heilt slik han ønskjer. Her saman med assistent Ian McParland i pausen mot Hødd.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fekk retta på problema – siktar mot høgt nivå

Det er berre nokre månader sidan venstrebacken sleit med eit hjarte som slo ubehageleg fort. Den raske pulsen gjorde at Grodås måtte ta det med ro i fleire veker. Han mista sju-åtte kampar med Hødd i førstedivisjon.

– Eg veit ikkje heilt kva det var. Legane sa at eg var litt overtrent og kanskje også feiltrent. Men eg fekk retta på det, og no er eg heilt fin, seier han.

– No vil eg spele på høgast mogleg nivå, og Sogndal er eit godt steg på vegen. Det hadde vore veldig kjekt med eit opprykk her, seier Grodås.

Sogndal manglar fleire frå førsteellevaren

Framleis må trenar Eirik Bakke klare seg utan fleire spelarar, som vanlegvis vil gå rett inn på laget. Spesielt vil midtstoppar Hannu Patronen vere ein viktig brikke når han er tilbake.

Mot Hødd fekk unge spelarar som Fredrik Flo og Simen Lefdal sjansen til speletid – førstnemnde debuterte frå start.

– Det er aldri ideelt å mangle så mange spelarar frå førsteellevaren. Spesielt når det er så viktige spelarar også. Men det gjer samstundes at mange unge får sjansen. No får dei kjenne på nivået i førstedivisjon, og det er positivt, seier Bakke.

– Vi har treningskampar for at vi skal bli betre. Eg er ikkje så oppteken av resultatet, seier han.

Rune Bolseth i treningskamp mot Hødd

FEKK EIN SMELL: Kaptein Rune Bolseth måtte gå av bana etter å ha fått ein smell i kneet. Truleg er det ingen alvorleg skade.

Foto: Rune Fossum / NRK

Bakke meiner prosjektet hans vil ta tid

Sogndal har starta dei første kampane under Bakke i ein 4-3-3-formasjon. Mot Hødd starta laget i 4-4-2, før dei la om til 4-3-3 igjen ut i andre omgang.

Trenarteamet fekk også denne gongen sett mange spelarar i aksjon.

– Korleis er status for Sogndal no?

– Det går litt fram nokre dagar, litt tilbake andre dagar. Det viktigaste er at folk jobbar hardt, at vi får kampar i beina og at vi får skikk på måten vi vil spele på. Det kjem til å ta tid, seier Bakke.

Hødd sine mål vart scora av Magnus Myklebust og Joachim Magnussen.