Normal

Vil bli plastfrie

Eid kommune bør bli plastfri kommune. Det meiner venstreordførar Alfred Bjørlo som denne veka tok initiativ til dette i kommunestyret.

Alfred Bjørlo

TIL KAMP MOT PLASTEN: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– All merksemda kring plast som eit problem den seinare tida har fått meg til å tenke på kva kommunen kan gjere, seier Bjørlo.

Torsdag 3. mai arrangerer NRK den nasjonale ryddedugnaden «Heile Noreg ryddar». Skular, barnehagar, studentar, verksemder og privatpersonar har alt meldt. I Eid meiner Bjørlo at det er på tide å ta problemet ved rota, og då er eit av tiltaka å redusere bruken av plast.

– Den nasjonale ryddedugnaden er eit kjempeflott initiativ, men rydding er ikkje heile svaret. Vi må og hindre tilførsel av ny plast. Eg ser no korleis vi kan gjere ein forskjell ved at vi kuttar bruken av plast, seier Bjørlo.

I Førde og Flora har kommunane vedteke forbod mot heliumballonger. I Flora bystyret vil dei også at både dei og den framtidige Kinn kommune skal vere plastfrie. For å få til det vil dei mellom anna ha på plass plastinnsamling i heile kommunen.

Prisverdig

KS leiar i Sogn og Fjordane, Harald Offerdal stiller seg bak oppmodinga frå ordføraren i Eid om at kommunane i Noreg skal redusere plastbruken.

Harald Offerdal, Ap-ordførar i Balestrand, på Sognebåten.

POSITIV:Harald Offerdal er fylkesleiar i KS.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg tykkjer dette er eit fornuftig initiativ. Plast har blitt eit gedigent problem. Ikkje berre til havs men også på land. Dette kan vere eit av fleire tiltakt for å få ned plastbruken i samfunnet, og ein måte kommunane kan nytte si forburkarmakt på, seier Offerdal.

Det nyttar

Kvar for seg er kommunane små, men stiller mange nok seg bak eit krav om mindre plastembalsje er Bjørlo viss på at også store selskap vil lytte.

– Ein stad må ein byrje. Eg trur at når nokon går føre kjem andre til å følge etter, seier Bjørlo.

Han brukar eit døme frå eigen kommune. For nokre år sidan tok Eid kommune kontakt med si nasjonale pensjonskasse og sa at dei ville ha «fosilfrie» pensjonspengar.

– Då var det ein kommune som tok initiativ. Det spreidde seg lynraskt, og førte til at etter eitt år var alle pensjonspengane til heile kommunenoreg trekt ut av kolkraft. Eg trur at tilsvarande lokale initiativ vil rulle rask på seg, seier Bjørlo.

Vegopning på Bergum i Førde kommune