Vil bli ordførar i nye Sogndal

Arnstein Menes (42) frå Balestrand er innstilt som ordførarkandidat for Senterpartiet i nye Sogndal kommune.Han har vore fylkespolitikar for partiet i ei årrekkje. Nye Sogndal er samanslåinga av Balestrand, Leikanger og Sogndal kommunar. Menes seier han er audmjuk over tilliten han har fått. Det endelege nominasjonsmøtet er neste laurdag.

Arnstein Menes
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK