Hopp til innhold

Vil bli ordførar i den nye storkommunen i Sunnfjord

Venstrepolitikar Atle Hamar frå Jølster er den første politikaren som flaggar sitt ordførarkandidatur for den nye storkommunen i Sunnfjord.

Atle Hamar, Lotteritilsynet

LANSERER SEG SJØLV: Atle Hamar vil bli sjef i den nye storkommunen i Sunnfjord.

Foto: Lotteritilsynet

Hamar som i dag er direktør på Lotteritilsynet, og seier han er oppmoda og veldig motivert til å bli den første ordføraren i den nye kommunen.

– Eg har vore med i kommune- og til dels fylkespolitikken heilt sidan slutten av 1980-talet og eg ser at når vi no skal bygge ein ny kommune i indre Sunnfjord så er det viktig at både nye krefter og ikkje minst erfarne krefter stiller seg til disposisjon for å vere med å gjere dette til den beste kommunen i Sogn og Fjordane, seier Hamar.

51-åringen representerer Venstre i Jølster kommune. Han har tidlegare mellom anna vore leiar av unge Venstre og politisk rådgjevar og statssekretær.

Oppmodag av fleire

– Er Venstre sterke nok til at det er realistisk at de kan få ordføraren i den nye kommunen?

– Det må veljarane til sjuande og sist bestemme. Eg har fått oppmodingar frå fleire, ikkje berre i eigen kommune, men og frå dei andre kommunane som skal slå seg saman i 2020, seier Hamar.

Oppmodingane har kome frå folk både i eige parti og utanfor partiet, og det har gjort at Hamar no fann ut at han ville seie frå om at han er aktuell som kandidat.

Næringsutvikling blir viktig

For Hamar vert det viktig å få den nye kommunen til å fungere med dei tenestene dei skal ha. Og ikkje minst lage ein felles kultur, både i administrasjonen og i tenesteutøving

– Så trur eg det er nokre viktige område som handlar om næringsutvikling. Det å gjere denne regionen endå meir attraktiv for nyetablering. Det å kjempe for nye statlege arbeidsplassar. Det å gjere noko med samferdsla, E39 som går tvers gjennom Sunnfjord og er eitt viktig vegsamband, som vi berre må gjennomført, seier Hamar.