Hopp til innhold

Vil bli Noregs største hending for sportsfiskarar

Over tusen fiskeentusiastar kasta snøret ut på Jølstravatnet under Jølster aurefest. No skal dei bli størst.

Jølster aurefest 2017

JØLSTRA: To fiskarar frå Voss deltok i konkurransen i Jølster.

Foto: Tom Farsund

– Vi er allereie den største konkurransen på innlandsfiske, seier Finn Årdal, leiar i hovudkomiteen for Jølster Aurefest.

Målet er å bli den største hendinga for sportsfiskarar i landet, og Årdal meiner dei er på god veg.

Folk strøymer til

Eit liknande arrangement i 1958 har vore inspirasjonen til å lage Jølster aurefest. Aurefesten har ikkje blitt arrangert meir enn fire gonger på rad no, men Årdal ser at folk kjem igjen og igjen. I år var det heile 1080 fiskarar påmeldt til konkurransen.

Finn Årdal og Egil Tefre
Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Det kjem ein del fisketuristar frå utlandet og elles folk frå heile landet, spesielt Sør-Noreg, seier Årdal.

Han seier dei var uheldige med fiskevêret i år, og ikkje alle greidde å få fisk sjølv om Årdal meiner Jølstravatnet er den beste plassen for aurefiske i heile Europa.

Likevel har dei fått utelukkande gode tilbakemeldingar frå folk som seier dei skal komme tilbake neste år.

– Her har det vore livleg i dag. Eg trur neppe det har vore så mykje folk på Skei nokon gong, seier Årdal.

Lik vinnarsjanse for alle

Ei vanleg jølstra-aure ligg på mellom 100 og 700 gram. Lensmannen i Jølster trekker kvart år ut eit tilfeldig tal og den som har fisken som veg nærast det trekte talet tek førstepremien.

– Derfor blir det så spennande. Ein har sjansen til å vinne her om ein berre har fått fisk, seier Årdal.

I år blei talet 140 gram, og det var to personar som hadde fiskar med nøyaktig den vekta. Begge var dei jølstringar. Dermed måtte dei trekke om kven av dei som fekk med seg førstepremien heim.

– Det er nesten litt utruleg at to frå Jølster vinn både første og andre. Men dei kjenner gjerne vatnet godt, så dei er flinke til å vite kor fisken bit, seier Årdal.

Volvo som førstepremie

Det er store premiar å hente under konkurransen. Førsteplassen får med seg ein bil, andrepremien er ein båt til ein verdi av 30 000 kroner og tredjepremien var i år ein robot-grasklippar. Den som stakk av med bilen i år var Jonny Lofsnes frå Jølster.

– Det er store premiar. Folk eg snakkar med utanfor fylket trur ikkje på meg ein gong, seier Jonny Lofsnes.

Jølster aurefest

VINNAR: Her vinn Jonny Lofsnes den gjævaste premien, ein Volvo.

Foto: Tom Farsund

I fjor vann Lofsnes 10 000 kroner for å ha fått den tyngste fisken. I år vann han den tilfeldige trekkinga. Folk har sagt til han at han har ein del flaks.

– Eg har ikkje nødvendigvis vinnarlykke alltid, men er ikkje negativ heller for å seie det sånn, seier Lofsnes på veg heim i den splitter nye Volvoen sin.