Hopp til innhold

Vil bli betre på kontakt med pårørande

Ei gransking viser at Helse Førde skårar dårlegare enn ønska på kontakten mellom helsepersonell og pårørande.

Jon Bolstad

VIKTIG: Jon Bolstad seier arbeidet med å bli betre på informasjon er svært viktig for dei.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

På styremøtet denne veka vart det lagt fram resultat etter ei større undersøking om omdømmet til sjukehuset. Den viser at dei aller fleste er godt nøgde med både behandling og måten dei blir møtt på av helsepersonellet.

Eit av spørsmåla går på kor fornøgde ein er med formidlinga av informasjon til pårørande. Resultatet på dette punktet er dårlegare enn på dei andre punkta, noko Helse Førde vil gjere noko med.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier dei styrkar arbeidet for å bli betre på informasjon.

– Eg trur vi i helsevesenet er altfor lite flinke til å fokusere på familie og dei i tette relasjonar. Dette er også noko av opplevinga av god kvalitet i spesialisthelsetenesta, seier han.

Han seier i tett kontakt med brukarar og brukarrepresentantar no vil setje seg ned for å finne ut korleis dei kan bli betre.

– Det er ikkje sikkert at det vi trur er viktig, er det som brukarar og pasientar opplever som viktig, seier han.

Bolstad viser til at tilgangen på informasjon, mellom anna på internett, kan gjere til at mange sit med mange spørsmål dei treng svar på rundt sjukdom som råkar seg sjølv eller noko nær ein.

– Vi veit at vi har ein veg å gå med dette, så dette er og blir eit viktig arbeid for oss.