Hopp til innhold

Vil betale utdanninga for unge legar slik at dei blir verande i småkommunane

Den prekære fastlegemangelen mange stader i Norge gjer at fleire kommunar no vil betale vidareutdanninga til unge legar.

Blodtrykksmåling

REKRUTTERING: Det har ofte vore vanskeleg for kommunar å tilsette legar til fastlege-jobbane. Dette prosjektet har vist seg å vere populært for søkarane.

Mange stader i Norge har ein hatt vanskar med å rekruttere legar til jobbar ved legekontora. No er det oppretta 13 utdanningsstillingar som skal gjere det lettare i utvalde kommunar.

– Skal ein bli spesialist i allmennmedisin, har det vore opp til legen å både organisere og finansiere dette sjølv. Det skal etter berekningar vere snakk om ein kostnad på mellom 600.000 og 800 000, seier kommunelege og allmennspesialist, Rolf Tande i Masfjorden.

Kommunelege Rolf Tande

PROSJEKTLEIAR: Prosjektleiar, Rolf Tande, var ein av dei med ideen om ei ny løysing for å rekruttere allmennlegar.

Foto: NRK

Samstundes har ofte sjukehusa finansiert og organisert utdanningsløpet for andre spesialitetar. Tande, som er prosjektleiar, står no i spissen for å få til ei tilsvarande ordning for dei som ønsker å bli fastlege. Prosjektet har namnet Alis Vest.

– Ideen var å utvikle utdanningsstillingar i allmennmedisin og på den måten rekruttere betre fastlegar til kommunane, seier Tande.

Populære stillingar

Til hausten startar 13 legar i desse utdanningsstillingane i 11 utvalde kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Utdanningsløpet går over fem år og legane forpliktar seg til å bli verande den tida. Allmennspesialistar ved legekontora skal fungere som rettleiarar.

Målet er at legane også skal få lyst til å bli verande i kommunane etterpå. Det har kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen i Lærdal tru på.

– Lærdal er ein spennande kommune å bu i, og eg trur vi vil stå fram som attraktive utover sjølve bindingstida, seier Johansen.

Arne Johansen

NØGD: I Lærdal har dei allereie fått mange søkarar til utdanningsstillinga. Det har ikkje vore like lett tidlegare, ifølge Arne Johansen.

Foto: privat

Tal frå Nasjonalt Senter for distriktsmedisin syner at fire av ti kommunar slit med å rekruttere folk til legejobbane. Nye krav frå helsedirektoratet seier også at ein ikkje får jobb som fastlege utan å vere spesialist eller utan utdanning.

I Lærdal har hatt stillingar ute fleire gonger utan å få napp.

– Vi har ikkje lukkast å få nokon i dei rundane. Men no har vi fem søkarar til denne stillinga. Det er tydeleg at dette prosjektet har positiv verknad, seier Johansen.

I Hyllestad er det 15 søknader inne for denne jobben, ifølge rådmann, Bente Nesse.

Håpar på meir pengar

Prosjektet er no i revidert nasjonalbudsjett og har sikra seg midlar ut 2018, men ikkje lengre. Stortingskandidat, Tore Storehaug for Sogn og Fjordane KRF, meiner staten må på banen for å gi faste midlar til ordninga.

– Nokon hevdar at dette ikkje er ei statleg oppgåve. Men når ein ser behovet, og ser kor vanskeleg det er, er det på tide å tenke nytt. No må staten på banen og ta sin del av kaka, seier Storehaug.

Tore Storehaug i KRF

– STATEN MÅ STEPPE INN: Tore Storehaug i KRF, meiner staten no må på banen og ordne midlar til dette prosjektet.

Foto: Espen Breivik / NRK